Namn: Runar Leirgulen

Alder: 23 år

Sivilstatus: har auga opne

Yrke: stolt fiskar

Bustad: Leirgulen og på båten

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er oppteken av å få til noko, skape noko. Synest det er spennande å gå eigne vegar, og gjere noko som kan komme fellesskapet til gode.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida prøvar eg å vere mest mogleg med familie og venner. Eg veit kor viktige dei personane er.

– Kven beundrar du?

– Familien, utan tvil. Spesielt mamma og tante Audhild, det er sterke damer! Så dei får ei virtuell rose frå meg.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det må vel bli dei gode folka som kjem derifrå. Eg er litt patriot, så det nok fordi det er så mange med felles ønske om å få til noko. Slike folk heiar eg på.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Bru over fjorden. Om det blir her eller der, så er det viktigaste at det kjem noko.

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Ikkje veit eg kva ein ordførar har mandat til å gjere, men viss eg fekk velje noko, så ville eg flytta kommunehuset til Leirgulen.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det må nok bli den Bruce Springsteen-konserten som eg ikkje har vore på endå. Den sit…

– Kva har du på nattbordet?

– Dårleg med nattbord på lugaren min.

– Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

– Hegnar, Facebook, VG, dmi.dk

– Kva er meininga med livet?

– Den som visste det skulle eg hatt ein prat med… men eg lever heller som optimist enn pessimist, så ser vi kor det går.