Namn: Jon Asle SvårAlder: 36Sivilstatus: sambuarYrke: knuseverksoperatør for Opshaug A/SBustad: Nedre Tennebø

– Kva er du mest oppteken av?

Familien min og vennar. Det er det som betyr mest for meg. Det viktigaste er at alle rundt meg har det bra.

– Kva gjer du på fritida?

Eg går ein del på fjellturar. Prøvar å gå heile året. Eg har vore med ein gjeng som går på fjellet kvar fredag i vinterhalvåret. Eg har hatt nokre flotte toppturar om sommaren i Sunnmørsalpane. Draumen er også å få til randonee-topptur om vinteren. Eg har jo utstyr for det liggande, men når eg får på meg ski no for tida, so er det stort sett å renne ilag med ungane mine i barnetrekket. Elles prøvar eg å få til litt trening, og tilbringe tid attmed ungane mine, og sambuaren Ann-Kristin. Sist, men ikkje minst, so prøvar eg å finne på ting med kompisar. Eg reiser so ofte eg kan til Hornindal for å vere attmed barndomskompisane mine også.

– Kven beundrar du?

Det må nok vere min sambuar, Ann-Kristin. Ho held heimen i orden, og sender ungane i barnehage og skule, syter for at leksene vert gjort og så vidare, medan eg er vekke på jobb frå måndag morgon til torsdag ettermiddag.

– Kva er det beste med heimstaden din?

Vel, eg er opphavleg Honndøl. Det er ein liten kommune i indre Nordfjord, der alle kjenner alle. Då eg vaks opp der på 80-90-talet, so nytta vi oss av fjella og naturen. Siste åra har dei fått eit fantastisk alpinanlegg, ein flott fleirbrukshall, og dei har fått Kvivsvegen. Det fine med å bu i Deknepollen må vere dei tilboda vi har til barn, unge og vaksne. Vi har gangavstand til Nordfjordhallen, der det skjer mykje aktivitetar. Ungane mine driv med allidrett og turn. Vi har ein flott aktivitetspark som ungane brukar flittig. Fine, tamme småfjell og turstiar, som kan brukast året rundt.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

36-åring frå Hornindal, busett på Tennebø, vann førstepremiepotten i Vikinglotto.

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

Eg trur eg ville reist rundt i kommunen min og snakka med sambygdingane mine. So ville eg hatt med meg heile kommunestyret på lønningspils etterpå.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

–  Det må vere Malakoff i 2011. Det var jo litt spesiell stemning på grunn av at det var rett etter 22. juli-terroren, og fleire artistar som eigentleg hadde sett opp ein del gladlåtar, tok i siste liten å endra på det til eit litt meir passande repertoar . Då Bo Kaspers Orkester hadde spelt nokre melankolske låtar, så drog dei i gong med gladlåta ”I samma bil”. Det var som om stemninga løyste seg, og fleire av publikum begynte å danse. Det fekk oss til å gløyme akkurat der og då alt det vonde som hadde skjedd. Det var ein episk augneblink.

– Kva har du på nattbordet?

–  Ein bunke med leste og uleste Vi Menn, ei flaske vatn, brillene, mobiltelefon og e-sigaretten min.

- Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

- Facebook, Instagram, Finn.no, Nrk.no, Tv2.no, Fjt.no og Fjordingen.no.

- Kva er meininga med livet?

- Life is a box of chocolates. You never know what you're gonna get.