Namn: Andrine Rønhovde Kråkenes

Alder: 20 år

Sivilstatus: singel

Yrke: pleiemedhjelpar

Bustad: Holvik

– Kva er du mest oppteken av?

– Mine to fantastiske tantebarn, Milja og Liva. Dei er det størst som har hendt meg i livet, dei gir meg mykje glede.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg går på tur med hunden min, er med venner og ser mykje på seriar. Og så synest eg det er veldig kjekt å sminke meg.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar søstra mi, Belinda, ho er så god og snill mot alle, og ho har alltid stilt opp for meg. Ho er den finaste eg kjenner, både på innsida og utsida.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Folka. Her er så mange nydelege menneske som eg er utruleg glad i. Og naturen så klart.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

Pilotprosjekt: Vågsøy kommune tar inn kommunikasjon som fast fag for 8. klassetrinnet

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Det er litt usikker på, men eg trur eg ville besøkt ulike arbeidsplassar å sjå akkurat kva dei arbeider med, og korleis arbeidsforhold og arbeidsmiljøa er.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

Tall ships races.

– Kva har du på nattbordet?

Lypsyl, dataen min og ei flaske med vatn.

– Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

Facebook, Youtube og så les eg ein del bloggar.

– Kva er meininga med livet?

Å ha det kjekt, le og nyte kvar dag som kjem.