Namn: Ingelin Hamre Hatlenes

Alder: 29 år

Sivilstatus: sambuar

Yrke: rådgjevar hos NAV

Bustad: Nordfjordeid

- Kva er du mest oppteken av?

- Kor klisjé det enn måtte høyrest ut, så er eg veldig oppteken av at dei rundt meg skal ha det bra. For det gjer meg avslappa og glad.

- Kva gjer du på fritida?

- På fritida er eg mest mogleg i lag med familien, og vener når det let seg gjere. I tillegg er eg blitt glad i å ta bilde av naturen, så det brukar eg ein del tid på.

- Kven beundrar du?

- Då må eg seie sambuaren min og mammaen min. Dei strekker seg alltid ekstra langt for dei rundt seg.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Det beste med Nordfjordeid er at ein har både fjell og fjord i umiddelbar nærleik. Eg kjem frå Selje, så eg er avhengig av å kunne sjå og nytte meg av begge deler.

- Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

- System of a down kjem til Malakoff 2018

- Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

- Då ville eg ha sagt ifrå meg vervet. Nei, eg ville nok spurt meg sjølv kva som vil vere viktig å sikre for framtida til ungane våre.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Det må vere Bruce Springsteen på Koengen i 2009. Lokalt må det vere Biffy Clyro på Malakoff i 2013.

- Kva har du på nattbordet?

- Eg har ikkje nattbord, men nedanfor senga har eg mobil, vassflaske og våtserviettar.

- Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

- Sett vekk frå Facebook, Instagam og Snapchat må eg sjekke sol, FjT, VG, TV2, storm og yr kvar dag.

- Kva er meininga med livet?

- Eg trur meininga med livet er å gjere så godt ein kan og ha det best mogleg. Så skal det seiast at det å bli mamma har gjeve livet mitt meining i alle fall.