Namn: Karl Oskar Volle

Alder: 22 år

Sivilstatus: sambuar

Yrke: blikkenslager

Bustad: Volda

- Kva er du mest oppteken av?

- Vi har akkurat kjøpt oss leilegheit i Eid, så no er eg mest oppteken av å få ting på plass og flytte inn.

- Kva gjer du på fritida?

- Eg ser på diverse ting eg treng til leilegheita, ser fotball og går turar med kjærasten. Elles tar eg dag for dag, og gjer det som passar meg.

- Kven beundrar du?

- Mamma, for ho er ikkje redd for å seie det ho meinar og stå for det. Det er viktig.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Naturen og alle menneska rundt.

- Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

- Karl Oskar Volle vart millionær i lotto

- Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

- Fjerna parkeringsavgifta i Måløy-gata.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Det er mange å velje mellom, men det første som fell inn er Malakoff 2016.

- Kva har du på nattbordet?

- Lampe og mobilen min.

- Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

- Facebook, United.no, VG, TV 2

- Kva er meininga med livet?

- Meininga med livet er å omgåast menneske eg er glad i, oppleve mest mogleg og at eg og folk rundt meg og alle har det godt.