Namn: Ann Katrin Ervik

Alder: 35 år

Sivilstatus: sambuar med John Anders Orheim Hansen og saman har vi to barn, Julian Alexander (12) og Dorthea Tomine (7)

Yrke: har vore frisør i 16 år, men tek no utdanning innan helse og omsorg

Bustad: Stårheim i Eid kommune

- Kva er du mest oppteken av?

- Eg er mest oppteken av den store familien  min. At alle har det bra. Vi er åtte søsken og er like stolt av og glad i dei alle! Ungane mine elskar å tilbringe tid i lag med dei, og vi er ein stor, samansveisa og flott gjeng.

- Kva gjer du på fritida?

- Eg er veldig glad i å stå på slalåm og springe ute i naturen. Akkurat no går mykje av fritida mi til studiane.

- Kven beundrar du?

- Eg beundrar veldig mange. Sambuaren min som bygde Sveitservillaen vi budde i på Hjelle, og som vi selde i haust for å flytte ut til barndomsheimen hans på Stårheim, som han totalrenoverte og brukte all si fritid på. For ein handy man! Eg beundrar òg mamma, Turid Borgund, som eig og driv den store og flotte barnebutikken Krambua på Nordfjordeid. Og veslesøstera mi, Camilla Ness Ervik, som spelar i toppserien på Sandviken i Bergen. Om ein verkeleg vil noko og jobbar for det, så kan dei fleste draumar gå i oppfylling. Desse tre har eit pågangsmot eg verkeleg beundrar.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Det beste med heimstaden min er den nydelege utsikta over fjorden og naturen. Garden vi bur på heiter Jensgarden og ligg på Orheim på Stårheim. Her er berre så fritt og fint!

- Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

- Vågsøy og Bremanger blir ein del av Stad kommune 2020.

- Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

- Eg er så stolt og imponert over alt vi har fått til på Nordfjordeid. Det skjer så mykje positivt og bra! Eg hadde reiste rundt til alle dei flotte butikkane og gode bedriftene vi har i Eid, og snakka både med dei tilsette og kundane. Fått innspel på kva som er bra og som kanskje kunne vore annleis. Å drive eiga bedrift er ikkje alltid lett og det krev mykje arbeid. Derfor ville eg gitt ekstra merksemd til dei denne dagen!

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Eit vanskeleg spørsmål, for det er ikkje berre ei. Eg hugsar første gongen eg var i Operahuset i Eid på Grease-musikalen. Eg kom inn i den store og flotte salen med klump i halsen og tårer i augene, og tenkte ”wow… vi er på vesle Nordfjordeid.” Og mi første Malakoff Rockfestival-oppleving hugsar eg godt! Og kvart år berre toppar desse gode opplevingane seg på den beste festivalen som finst!

- Kva har du på nattbordet?

- Mobilen min og ei bok om gangstaren Al Capone.

- Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

- Eg er mykje innom NHI (Norsk helseinformatikk) sidan eg studerer, i tillegg til VG, Instagram og Facebook.

- Kva er meininga med livet?

- Meininga med livet er vel å gjere det beste ut av det, gjere ting som gjer ein glad, vere positiv og vise kjærleik og omsorg for dei ein har rundt seg, seie ting vi har på hjertet – ein dag kan det vere for seint, vere i lag med dei som gir livet vårt meining. Å få barna mine er det største eg har opplevd i livet mitt, og eg innsåg då kva som verkeleg gav livet meining. Alle i familien min gir livet mitt meining kvar ein einaste dag.