Namn: Ane-Jørgine Frøyen

Alder: 29 år

Sivilstatus: sambuar

Yrke: dansar og fysioterapeut i turnus

Bustad: Bergen, opphavleg frå Kalvåg

- Kva er du mest oppteken av?

- Med ulike utdanningar og jobbar er det fleire ting eg er oppteken av. Når eg er dansar, så er eg mest oppteken av det. Timevis i studio kor eg gløymer alt anna. Men når eg er på jobb som fysioterapeut, så er det fysioterapi og trening eg er oppteken av. Det å kunne trene og hjelpe andre samstundes, det er kjekt det. Eg har funne min perfekte kombinasjon med fysio og dans.

- Kva gjer du på fritida?

- Eg jobbar dagtid som fysioterapeut og ettermiddag/helgar som dansar, så det har vore relativt lite fritid i det siste. Men når eg først har fri, så er eg å finne ute i naturen ein stad.

- Kven beundrar du?

- Eg beundrar mi mor som alltid står på og set ale andre framfor seg sjølv. I tillegg må eg nemne at eg beundrar Grete Berntzen, og den jobben ho gjer for kulturen i Bremanger kommune. Ho er eit flott eksempel på at ein kan bu i ei lita bygd og likevel fortsetje å utøve sitt talent.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Familien, naturen og den friske sjølufta.

- Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

- Dansetilbodet er tilbake for fullt i Bremanger kommune.

- Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

- Jobba for å få opp dansetilbodet i Bremanger igjen. Og kanskje opprette driftstilskot til fleire fysioterapeutar? Hi hi.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Som dansar har eg fått mange fantastiske kulturopplevingar. Men ein av dei kulturopplevingane eg hugsar best må faktisk vere frå heimstaden; Sirkus Bremanger. Eit fantastisk samarbeid mellom bygdene.

- Kva har du på nattbordet?

- Ikkje noko meir spanande enn ei alarmklokke og mobil.

- Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

- Sosiale medium som Facebook og Instagram. Om ikkje dagleg, så er eg fleire gongar i veka innom VG, BT og lokalavisene.

- Kva er meininga med livet?

- Eg synest at dersom ein brenn for noko, så skal ein jobbe for det og satse, og prøve å trasse motgang. Dei som vil deg vel, dei støttar deg heile vegen. Livet er til for å levast og utforskast. Eg har i alle fall levd etter dette frå ung alder, og familien har vore min største støttespelar.