Namn: Tore Dybedal Vederhus

Alder: 28 år

Sivilstatus: sambuar

Yrke: maskinist

Bustad: Holvikja

- Kva er du mest oppteken av?

- Det er vel mykje sonen min, Adrian, som tek det meste av merksemda mi no for tida.

- Kva gjer du på fritida?

- Stort sett det meste. Pussar opp huset vårt.

- Kven beundrar du?

- Foreldra mine. Dei er alltid snille og stiller alltid opp. ”Best å ringe mamma og høyre kva ho seier”. ”Ditta veit pappa, best å ringe han”. Må òg nemne sambuaren min som let meg reise vekk på jobb i fem veker. Tek seg av både Adrian, pus og hus utan problem.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- På Vederhus er det fin utsikt og roleg, lite mas, lite stress, utan mobildekning. Ein har totalt fri når ein reiser heim til Vederhus. Og ikkje minst, eiga kai so ein får styre seg fritt.

- Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

- Måløyværingane har talt. Måløybrua byggast om og skal no gå frå Gate 1 til Gate 1.

- Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

- Vedtatt at eg var ordførar på ubestemt tid, slik at eg fekk fleire dagar på meg.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Eitt år i Gijon i Spania for bygging av båten eg er maskinist på. Der var det mykje festivalar og kulturelle opplevingar heile tida.

- Kva har du på nattbordet?

- Vatn, Havet tok-boka, lampe, støv og så sit pusen der av og til.

- Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

- Finn, ebay

- Kva er meininga med livet?

- Å komme seg opp og fram, deretter nyte det.