Namn: Simen Hansen

Alder: 18

Sivilstand: singel

Yrke: matroslærling

Bustad: Selje

– Kva er du mest oppteken av?

– Å ikkje kjede meg, alltid prøve å finne på eit kvart. Skulle eg ha sete på ræva kvar dag utan å gjere noko, so hadde eg enda opp usunn og usosial.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg jobbar annankvar månad på sjøen. Når eg er heime, så er eg ute med vennar og prøva å finne på noko, sjølv om vi bur i ei bygd med relativt lite fritidsaktivitetar og tilbod.

– Kven beundrar du?

– Jesper Gangsøy. Han er ein veldig god kompis og blir alltid med på å gjere noko.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med Selje må vere at flesteparten av vennane mine bur her. Og så er det jo fint her på somrane og då. Venner er kjekt å ha, og Vestlandet er generelt fint.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Selje Hotel blir bygd opp igjen.

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Eg ville vel prøvd å få til litt betre vegar rundt om, sjølv om det ikkje er gjort på berre ein dag.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Rotlaus-konserten i romjula i Selje.

– Kva har du på nattbordet?

– Ei flaske med vatn, og ei veldig irriterande alarmklokke.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Eg brukar ikkje å vere på so mange nettstadar.  Det er vel heller appar det går i; Facebook, Snapchat, Instagram og TV2 Sporten.

– Kva er meininga med livet?

– Å ikkje bry seg om kva alle andre synest og leve ditt eige liv utan å bli kontrollert eller styrt av andre.