Namn: Julie Kvamme

Alder: 21 år

Sivilstand: i eit forhold

Yrke: student

Bustad: Ålesund

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er mest opptatt av at folk rundt meg skal ha det bra. Spesielt tanteungane mine!

– Kva gjer du på fritida?

– No er eg opptatt med litt oppussing i leilegheita, men er og veldig glad i å vere med venner! Gjerne i en kombinasjon med vin.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar storesystera mi Stine. Stine er så fantastisk på så mange måtar, og ho får til det ho vil. Ho er ei super mamma til tanteungane mine og ei fantastisk venninne. I tillegg er ho veldig fin. Ho har og eit hjarte av gull og trur eg aldri har opplevd at ho set seg sjølv foran andre. Er berre utruleg glad i ho.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden min er at her er så fint. Selje er ei lita perle som du blir så glad i. Alle kjenner alle og her er ein fantastisk natur.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Trur eg måtte hatt fleire sider. Men på mi framside ville der stått: Eminem til Malakoff! Det er to grunnar til det. Eg har ikkje fått billett til konserten han skal ha i Oslo, og fordi Eminem pluss Malakoff kunne ikkje vert anna enn rått.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Ville kanskje fått montert Selje i store bokstavar på fjellsida på Seljeøyna. Det har eg sett for meg sidan eg var lita jente. Og så hadde eg brukt masse pengar på dei eldre på sjukeheimen. Dei fortena det.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Mi beste kulturoppleving er Malakoff. Spesielt i 2017 når Karpe Diem sto på scena og eg hadde mi beste venninne med meg. Det var magisk.

– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet har eg ei flaske med vatn, mobil og hårstrikk.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Er alltid innom Tv2.no, fjt.no og nrk.no/sfj når eg vaknar og før eg legg meg. Er og innom Instagram og Facebook.

Kva er meininga med livet?

– Det å ha familie, venner og folk du er glad i og som er glad i deg.