Navn: Benjamin Daae Frantzen

Alder: 21 år

Sivilstand: singel

Yrke: lærling som elektriker

Bustad: Måløy

– Kva er du oppteken av?

– Eg er vel litt oppteken av at venner og familie har det bra og trygt til ei kvar tid.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida blir det for det meste fotball, og henging med venner.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar personar som gjer ein innsats for å skape trivsel og arbeidsplassar i kommunen vår. Vi treng slike folk som gjer den fantastisk heimplassen vår endå meir attraktiv for folk som enten vil flytte hit, eller for dei som nettopp vurderer å flytte herfrå.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimplassen min må vel vere alle naturfasilitetane vi har så enkel tilgang på. Nesten uansett kva fjelltopp ein går på, så får ein eit fantastisk skue. Ein kan til dømes få ei nydeleg utsikt over fantastiske Måløy og Deknepollen, med Ulvesundet og den unike Måløybrua i midten.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Tornado Måløy og Skavøypoll-samanslåinga endeleg eit faktum.

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Eg er litt usikker på kva eg hadde rokke på berre ein dag. Kanskje halde eit foredrag på ungdomsskulen i Måløy og Måløy vidaregåande skule, og spurt kva elevane synest kommunen kunne gjort betre for å gjere tilveret her i kommunen meir attraktivt etter skulen? Eg ville nok også fortalt dei at det er det er nettopp dykk unge og framstormande ungdommar bedriftene her lokalt ligg langflate etter!

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Strandfestivalen i Refvik synest eg var ein stor suksess. Eg gler meg allereie til årets!

– Kva har du på nattbordet?

– 28 slumrealarmar på telefonen.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– FjT, Facebook, VG, Haugenfotball, Snap og Instagram.

– Kva er meininga med livet?

– Gjer mot andre det du vil dei skal gjere mot deg!