Namn: Heidi Brendsdal Myhre

Alder: 53 år

Sivilstand: gift

Bustad: Måløy

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er mest oppteken av jobben min som norsklærar.

– Kva gjer du på i fritida?

– Eg likar aller best å vere i hagen min. Om vinteren er eg med i ein kunstklubb. Eg er svært glad i trimløypa og fjella her.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar alle som gjer ein frivillig innsats for andre.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Vågsøy kommune har gode barnehagar og skular, her er idrettslag å vere med i, og kommunen er ein trygg stad å vekse opp i. Her er mange hyggelege folk å vere saman med, og naturen og fjella innbyr til fine turar.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Ein ny svømmehall hadde vore ei god framside på fjt.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Hadde eg vore ordførar ville eg ha besøkt bebuarane på institusjonane våre.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Kulturopplevingar som eg hugsar best er dei eg har vore med å arrangert sjølv i Måløy Kunstlag. Då må eg spesielt nemne utstillingane med Pushwagner og Ørnulf Opdahl.

– Kva har du på nattbordet?

– Eg har biografien om Henrik Wergeland av Yngvar Ustvedt på nattbodet mitt.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Eg er sjølvsagt innom fjt.no kvar dag.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å glede seg i kvardagen og setje pris på dei menneska ein har rundt seg.