Namn: Asgeir Gil

Alder: 65 år

Sivilstand: Sambuar

Yrke: Daglig leder

Bustad: Holvik

– Kva er du mest oppteken av?

– Utenom familie og jobb, prøver eg å holde meg orientert om det som påvirker oss alle. Vi har for mange konflikter, ikkje minst lokale stridigheter med alt for mykje negativitet i debatten på sosiale media, og i avisa.

– Kva gjer du på fritida?

– Høyrer på god musikk, leser aviser og bøker. Skulle sikkert vært aktiv mosjonist, som eg dessverre ikkje er.

– Kven beundrar du?

– Personer som med stor fare for seg sjølv hjelper andre som har det vanskeleg, eller er i nød. Også journalister som med stor risiko utset seg for fare for å få ut informasjon frå konfliktområder.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det er så mangt, vanskelig å nevne en enkelt ting som er best. Vi har trygghet, vi har venner og familie rundt oss. Og vakker natur. Vi er privilegerte som får leve og bu på ein slik plass. Vi er heldige som bur i ein trygg del av verden, noko som i dag ikkje er sjølvsagt for alle. Vi har det godt.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– BREMANGER BLIR MED I KINN KOMMUNE. Staten har fullfinansiert ny kystveg mellom Måløy og Florø, med bru over Nordfjord.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Om det var i ordførarens makt, så ville eg bestemt at skulen i Holvik og på Bryggja skal bestå, og fått alle bryggjaværingar til å forstå at det er best å tilhøyre Vågsøy.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Uten tvil, ingenting kjem opp mot Tall Ships' Races i 2008.

– Kva har du på nattbordet?

– Mobiltelefon og Farris. Må vel nevne ei bok, no har eg boka «PER», om Per Fugelli sitt fantastiske liv og virke.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Fleire nettaviser, nasjonale og lokale, og sjølvsagt Facebook. Men er blitt lei av den siste, der er for mange delingar om ditt og datt som for meg er heilt unødvendig å lese om.

– Kva er meininga med livet?

– Å ta vare på, og lære av det vi har fått av visdom og klokskap, rett og galt, heilt frå våre første steg inn i livet. Den lærdomen kan vi gi vidare til dei som kjem etter oss.