Namn: Ingvill Sandøy

Alder: 28

Sivilstand: Sambuar

Yrke: Helsefagarbeidar

Bustad: Tennebø– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er veldig oppteken av borns rettigheter og at born skal vekse opp i trygge omgjevnader uten svolt, krig og vold. Dette har eg blitt særleg oppteken av etter eg vart mor sjølv og kjenner hjartet briste bare av tanken på born som har det vondt.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg er veldig glad i å lage mat og være kreativ på kjøkkenet, leike og vere ute med sonen min og spele brettspel eller gjere andre sosiale ting med sambuaren og vener.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar både mamma Kari og svigermor Margaret stort, fordi dei er sterke damer som gjør alt for familien sin og litt til. Dei er vår trygge havn og står alltid klar med opne armar.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det aller beste er folka eg har rundt meg her. Dei gjør at eg vil bli her resten av mitt liv. Men eg er sjølvsagt glad i fjella, havet og strendene vi har. Det er trygt å vekse opp og busette seg her.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– «Påbygget til Kulatoppen omsorgssenter står endeleg ferdig»

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Eg trur ikkje eg hadde fått gjort stort på berre ein dag, men kanskje tatt eit besøk på Kulatoppen og snakka med dei tilsette om kva dei treng fra kommuna for å auke livskvaliteten til dei eldre.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Eg kjem aldri til å gløyme Coldplay konserten eg var på i London i 2016. Å høyre alle mine favorittlåter framført av mitt absolutte favorittband vil eg minnast så lenge eg lever.

– Kva har du på nattbordet?

– Ein lampe, digital klokke, babycall, ei flaske vatn og mobil.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– YouTube, Facebook og diverse matinspirasjonssider. Nokre gonger i veka er eg innom fjt.no og andre nyhetssider.

– Kva er meininga med livet?

– For meg er det å stifte familie med den eg er glad i. Ha eit trygt miljø rundt meg og familien. Gjere ein forskjell for andre både i jobb og privat. Og raudvin sjølvsagt!