Bremanger-ordførar Audun Åge Røys (H) blir ny styreleiar i Kystvegen Måløy-Florø AS.

Røys tek over etter Karl Vidar Førde (Sp), som han også tok over ordførarvervet etter.

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) tek over styreplassen etter Morten Hagen (H). Ordførar Ola Teigen (Ap) i Flora tek over etter Bengt Solheim-Olsen (H).

Ordførarane i Naustdal og Førde, Håkon Myrvang og Olve Grotle, held fram i styret, det same gjer næringslivsrepresentantane Hans Petter Selstad og Jorunn Frøyen.

Spørsmålet dei no stiller er om ein skal prøve å få oppgradert statusen til riksvegstatus, nokon som medfører at staten tek kostnaden.

– Det er liten tvil om at E39 har hovudprioritet hjå staten. Vi risikerer å bli prioritert ned som riksveg, men kan presse oss inn som eit prosjekt for tilleggsløyvingar. Det toget går med rulleringa av Nasjonal transportplan i 2018, meiner Solheim-Olsen.