Ved Skram skole har det vore full aktivitet både på kveldstid og i helgene. Lærarane brukar fritida si på å pusse opp skulen.

– Det er ein gamal og ærverdig skule, som ikkje har blitt så godt vedlikehalden. Lærarane ønska å gjere noko med skulemiljøet og samstundes ta elevane på alvor. Dermed tok dei målekostane fatt, fortel rektor ved Skram skole, Jens Frode Vågen.

Skriv seg på lister

Det som starta med at Mette Reinen saman med Anne-Stine Meland og Kari Anne Midtgård måla ein gang på skulen i løpet av helg, har no blitt utvida til eit prosjekt der ein skal måle alle gangane i bygget som er frå 1920-talet.

– Alle prosjekt må ha ein primus motor, men no blir det berre fleire og fleire som engasjerer seg. Lærarane fekk med seg mange av dei andre tilsette, og no er også føresette til barna på skulen byrja å møte opp på dugnad, seier Vågen.

– Det er imponerande kor engasjerte og ivrige alle er. Det har vore aktivitet kvar kveld, noko som er veldig sosialt. Dette er jo også eit prosjekt som gjer det trivelegare for alle. Det fysiske miljøet heng sterkt saman med det psykososiale, fortel rektoren, som sjølv har vore med på dugnaden

Ikkje deira jobb

Det er eigedomsavdelinga i kommunen som står for måling og utstyr, og skuleleiinga har vore i dialog med kommunen undervegs i prosessen.

– Det er vel strengt tatt ikkje vår jobb å vedlikehalde skulen, men samstundes er skulemiljøet ein del av ansvaret vårt, og dei fysiske rammene rundt skulen påverkar miljøet vi har her, seier Vågen.

Inspirasjonen til måleprosjektet kom frå nokre plakatar som skulle hengast opp på skulen. Plakatane er dekorert med ulike fargar og ord som er viktige for alle på skulen, og då ville initiativtakarane skape ei finare ramme rundt desse plakatane.

– Vi har ein plakat i grønt der det står «ansvar», og då har det området der den skal henge fått lysegrå vegger, med ein kontrastvegg i same farge som plakaten. Like eins for ordet «respekt» der plakaten er raud, forklarer Vågen.

– Sjølvsagt ser vi at skulen er sliten, og spesielt i det gamle bygget ser ein det godt. Vi skulle gjerne bidrege til oppussinga i større grad og byta både vindauge og skifta kledning, men det er ikkje nok midlar i vedlikehaldsbudsjettet til at vi kan gjere alt, seier Weltzien.

Eigedomsavdelinga har stått for måleutstyret til dugnaden, og dette har blitt ein vanleg utgiftspost for eigedomsavdelinga den siste tida.

Tilsette ved fleire skular og barnehagar i kommunen har sjølve tatt initiativ til oppussing og utbetring av det fysiske skulemiljøet.

– Det er eigentleg ikkje lærarane sin jobb, men slik har det blitt. Denne dugnaden kan vere med på å gjere at elevane og lærarane får det kjekkare rundt seg, noko som igjen kan føre til meir trivsel og eit betre skulemiljø, fortel Weltzien.

Han er imponert over dugnadsånda og initiativet frå lærarane. Utan dette pågangsmotet kunne det teke lang tid før Skram skole hadde fått seg eit målingsstrøk.

– Det er kjempeflott at skulane og deira tilsette tek initiativ sjølve, når vi ikkje maktar med alt sjølve, seier Weltzien.