Fleire kommunar skal denne helga gjennomføre Ungdommens Kulturmønstring.

UKM står for Ung Kultur Møtast, og er mange små lokale festivalar der ungdom kan delta med alle slags kulturuttrykk.

Fyrste UKM ut i Fjordenes Tidende sitt dekningsfelt, er i Olivinhallen i Vanylven kommune laurdag 6. februar. Same dag arrangerer også Bremanger kommune UKM i Kulturhuset Heimen. Søndag 7. februar er det Eid sin tur å arrangere UKM i Operahuset Nordfjord.

– Dette er fyrste gongen vi arrangerer UKM i Kulturhuset Heimen. Vi er så glade for at vi har eit lokale som rommar både galleri, kafe og scene med amfi, fortel Elisabeth Solbakken i kulturskulen i Bremanger.

Neste UKM i Fjordenes Tidende sitt dekningsfelt blir på Stadlandet grendahus i Selje kommune laurdag 5. mars. Same dag blir UKM i Vågsøy arrangert i Samfunnshallen.

Fylkesmønstringa 2016, som blir arrangert i Førde, vil vere 2.–3. april.