– Seljecup er ikkje berre fotball. Vi har alltid lagt stor vekt på at det skal vere veldig mykje utanom, slik at spelarane har noko å halde på med heile tida, fortel cupgeneral, Atle Solheim, som peikar på at deltakarane blant anna kunne få med seg trikseshow, hoppeslott og ulike aktivitetar, vere med på karaoke på «Scenen er din» og cup-diskoteket som var arrangert laurdag kveld.

– Med slikt vêr som vi har vore heldige å få denne helga, er det vanskeleg å tenke seg ein flottare cupstad enn Selje. Her har ein alt i nærleiken, og dei færraste treng å løyse bilen.For å få til det varierte tilbodet er Seljecup avhengige av svært mange frivillige. – Dei frivillige som jobbar på dugnad er nøkkelen til at vi kan arrangere. I år har vi nærmare 200 personar som jobbar på dugnad. Alle er veldig positive til å jobbe og stiller opp. Her er heile bygda i arbeid, og eg vil rette ei stor takk til alle for ein fantastisk innsats, seier Solheim.