Prosjektet «Huset i bygda» samla måndag 30 deltakarar i Vidsyn for organisasjonseigde kulturbygg i Bremanger kommune.

– Målet vårt er å skape auka aktivitet i desse kulturbygga i bygdene rundt om. I Sogn og Fjordane er det 400 slike bygg, og berre i Bremanger har vi 22 organisasjonseigde kulturbygg, fortel prosjektleiar for «Huset i Bygda», Ingunn Nyheim.

Slike bygg kan vere bedehus, samfunnshus, bygdehus og lagshus.

Nyheim var overvelda over responsen frå både Bremanger kommune og representantane som møtte fram.

– At det kom fire frå kommunen, med både kultursjef og ordførar i spissen signaliserer at bygdehusa er viktige for Bremanger kommune, seier Nyheim.

Kultursjef Espen Frøysland informerte om strategiplan for kultur i kommunen, og den nye heimesida.

Her er ein aktivitetskalender som han oppfordrar alle lag og organisasjonar til å melde inn sine aktivitetar til.

– Vi meinte Regionsamlinga var ein glimrande anledning å treffe lag og organisasjonar i kommunen. Vi er avhengige av godt engasjement ute i bygdene, seier Espen Frøysland.