I Bremanger samlar ein styrkene for politisk streik for arbeidsmiljølova på onsdag.

Som følgje av streik i LO, Unio og YS blir det markering i Svelgen for fagforeiningar i Bremanger kommune onsdag.

Det er snakk om rundt 1.000 personar som er medlemer lokalt, og aksjonsleiinga oppmodar dei som kan om å kome og protestere mot endringar i arbeidsmiljølova.

Anne Karin Førde i Fagforbundet Bremanger håper at mange stiller opp.

– Vi utfordrar alle som har moglegheit til det å gå frå arbeidet og kome og delta, seier Førde. Men ho understrekar at ein ikkje kan sette liv og helse i fare for å delta.

Katastrofalt

Førde er opptatt av at arbeidsmiljølova er eit vern for dei tilsette.

– Om det blir gjort så store endringar som det er foreslått, vil det vere katastrofalt, seier Førde, som representerer den største fagforeininga i Bremanger med nesten 400 medlemer.

Ho kan ikkje sjå at ting handlar om fridom til å bestemme sjølv.

– Om du går som mellombels tilsett og blir ringt opp med spørsmål om du kan jobbe ekstra, og seier nei fleire gonger, så blir ikkje du den første som blir tilsett etter eit år, trur Førde.

Knut Sande i Industri Energi Svelgen Kjemiske Arbeiderforening ventar at konsekvensane av lovendringane vil kome på sikt.

Frå EL & IT Bilfinger Svelgen vil Øyvind Grindheim streke under at streiken er viktig.

– Vi har nok av mellombelse tilsettingar. Har du ikkje fast arbeid får du ikkje lån i banken, og om du får mindre inntekt går det utover pensjonen din, påpeikar Grindheim.

Han ventar at søndagsarbeid er noko som vil starte med butikkar og etterkvart ramme fleire arbeidsgrupper.

Går i gatene

Dei streikande samlar seg i Svelgen Samfunnshus.

– Det er ei utfordring at ein del vil ha lang reiseveg, seier Anne Karin Førde. Sjølv har ho kontor i Bremanger rådhus og kan vere på plass kort tid etter at streiken er i gang.Programmet i samfunnshuset vert med appellar.

Det er Ellen Hansen frå Norsk Sykepleierforbund Bremanger saman med Anne Kristin Førde som skal tale.

– Etterpå går vi i tog rundt i sentrum. Vi avsluttar med å stå utanfor Coop og dele ut flygeblad, og fortelje folk kvifor vi streikar, seier Førde.