Årsmøtet i Raudt Sogn og Fjordane er kritisk til forslag om endring av Posten. Her kan du lese kva dei meiner i eit innleegg som stod i papiravisa onsdag 18. februar:

«Vi vil ha postombering på laurdagane også i distrikta. Vi aksepterer ikkje dyrare porto enn i sentrale strøk. Kommunar og regionråd følgjer opp dette folkekravet. Det gjer også LO Sogn og Fjordane.

Ingen av oss vil akseptere at posttenestene vår skal bli dårlegare. Vi aksepterer ikkje at EU sitt postdirektiv skal diktere norske posttenester. Diktatet skjer gjennom EØS- avtalen.

Vi vil ta vare på arbeidsplassane i distrikta for å motverke avfolking og sentralisering. Difor må ekstrakostnadene med å drive bedrifter i distrikta reduserast. Ei differensiert arbeidsgjevaravgift er det beste tiltaket. EU har fleire gonger gått ut mot dette distriktspolitiske verkemiddelet og har starta pulveriseringa via EØS-avtalen. Både lokale og sentrale styresmakter har teke til motmæle.

Vi vil ha stoppa sosial dumping og utvida bruk av mellombelse tilsetjingar. Det vil presse det norske lønsnivået nedover og skape meir utrygge arbeidsforhold der arbeidsgjevarar kan skalte og valte med arbeidsfolk. Kommunar har teke til motmæle. Fagrørsla reagerer naturleg nok sterkast. Sosial dumping er eit resultat av EØS-avtalen, av at dei austeuropeiske landa med si nyetablerte arbeidsløyse la seg inn under EU og ei tilsynelatande grenselaus import av billeg arbeidskraft.

Fagforbundet «kan ikke akseptere at regler, forordninger og direktiver fra EU skal undergrave grunnleggende arbeidstakerrettigheter», uttalte Jan Davidsen og forbundet står for dette. LO-kongressen vedtok samrøystes at norske arbeidslivslover skal vere overordna EØS-reglar. Fleire fagforbund vil ha arbeidslivsreguleringa ut av EØS-avtalen. Oppseiing av EØS-avtalen, vil ikkje føre til tap av dei tollfordelane som er gjennom EØS-avtalen. Alle forstår kor avhengig EU er av norske varer – ikkje minst energivarer og fisk.

Fornuftig harmonisering med EU sitt regelverk treng ikkje stoppe opp om Noreg seier opp EØS-avtalen. Fordelen er at vi kan gjere våre eigne nasjonale val om tillatne produkt, kvalitet, dyre- og folkehelse og anna. Grensepassering vil ikkje bli vanskeleggjort. Det er også andre avtalar som sikrar at dette i dag skjer smidig.

Stadig fleire ser no tydeleg kva ein tapar på EØS-avtalen. Ulempene er langt større enn dei få fordelane. Norsk Transportarbeiderforbund tek steget fullt ut og vil at Noreg skal seie opp EØS-avtalen. Det er forståeleg utifrå korleis billeg utanlandsk transport utkonkurrerer norske arbeidsplassar.

Heile fagrørsla burde meine som transportarbeidarane. Også kommunane og distrikta burde innsjå at problemet er EØS-avtalen. Denne innsikta må fortrengje profittmåla og ta over også i statsstyringa før distrikta, faglege rettar, velferdsstaten og Noreg har gått på billegsal.