Gunn Sande har registrert at Selje Høgre har annonsert i Fjordenes Tidende at dei ikkje siktar mot ordførarvervet til haustens kommunestyreval.

– Men det gjer i alle fall Senterpartiet! Vi ønskjer å bli eit parti med makt. Ikkje for makta si skuld, men for å kunne påverke meir, for å kunne reise rundt og vere med der det skjer.

– Som varaordførar ser eg tydeleg at det er ordføraren i ein kommune som har den posisjonen at ein alltid er der det skjer. Det er han som reiser på møte, seier Sande.Ho siktar derfor mot ordførarjobben.

– Eg trur eg kan vareta behova til Selje sine innbyggjarar betre ved å sitte som ordførar. Ein må vere der det skjer. Så eg går for ordførarjobben, ja, seier ho.