Magni Hjertenes Flyum er tilsett som ny dagleg leiar ved Norsk fjordhestsenter.

– Det blir spennande å bli med på drift og utvikling av fjordhesten. Heldigvis er det andre som skal ta seg av rideinstruksjonar og slikt, seier ho.

Flyum skal starte i den nye stillinga ved senteret etter sommaren.

I dag er Flyum dagleg leiar av bulystprosjektet VAKN og har i den samanheng vore med og jobba for utvikling av fjordhesten for framtida.

– Eg ser eit stort potensial i fjordhesten, og å bruke ressursane ein har på best mogleg måte. Vi må ta det ansvaret, og det handlar også om forvaltning av rase, seier Flyum, som ikkje vil kome med nokon programerklæring no.

– Men det skjer mykje aktivitet på fjordhestsenteret som eg trur folk flest ikkje tenkjer over, meiner ho.