FOTBALL: Mange lag frå mange årstrinn og frå mange klubbar i distriktet har vore på Norway Cup denne veka. Slik har det gått med klubbane frå våre kommunar.

I tillegg til Eid-jentene som no er ute, spelte Eid sitt G16-årslag i 11er-fotball 8.-delsfinale i B-sluttspelet mot Spjelkavik onsdag kveld.

Svelgen hadde to lag i årets Norway Cup, og begge rauk ut onsdag kveld. G16 i 7er-fotball i 32.-delsfinalen mot Ullern Headhunters på «golden goal», og G14 i 7er-fotball mot Skodje med 3–6.

Same dag vann Leirgulen/Davik sitt J14-lag på straffespark mot Breimsbygda i 7er-fotball i 16.-delsfinalen.

Dei tapte seinare 8.-delsfinalen klart med 0–8 mot Syril.Åheim kom heilt til finalen i 7er-fotball i J16-klassen i 2014. I år heldt innsatsen berre til 16.-delsfinale som dei tapte 2–5 for Kolbotn onsdag.

I G16 i 11er-fotball tapte Åheim/Vankam/ÅVK 64.-delsfinalen i B-sluttspelet mot Ørsta IL 2, medan Åheim/Selje sitt J19-lag i 7er-fotball spelte kvartfinale mot Bergen/Nord-Hovding i B-sluttspelet i det Fjordenes Tidende gjekk i trykken torsdag.

Vankam hadde to G14-lag som enda i høvesvis 16-dels og 8.-delsfinalar i B-sluttspelet onsdag kveld og torsdag morgon.