Føraren av den eine ulukkesbilen som var innblanda i dødsulukka på Bryggja i påska ligg på sjukehus i Danmark og har enno ikkje vore i stand til å forklare seg for politiet.

Det opplyser lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum til Fjordenes Tidende.

– Han har rett og slett ikkje vore i stand til å forklare seg på grunn av skadane han fekk i kollisjonen, seier Hvattum.

Dermed vil ikkje Hvattum endå seie noko om årsaka til den tragiske ulukka der ei 49 år gammal seksbarnsmor frå Polen mista livet.

Det var i påska, 28. mars, at to bilar frontkolliderte på Rv 15 ved Bryggja.

Føraren av den eine bilen, ein mann i 40-åra, vart hardt skadd og har lagt på sjukehus etter ulukka.

Først låg han ved Førde sentralsjukehus. Lensmann Hvattum opplyser at mannen er overført til heimlandet Danmark der han ligg på sjukehus.

Hvattum seier det kan godt vere at dei ikkje får forklaring frå mannen før ut i juni.

– Vi vurderer om vi skal reise ned for å avhøyre han, eller om dansk politi skal gjere det. Det vurderer vi undervegs, seier Hvattum.

Han seier dei har fullt fokus på etterforsking. Mellom anna har dei kontakta importørane av dei to bilmerka som var innblanda i kollisjonen for å finne ut om det er muleg å rekonstruere fart og teknisk tilstand til bilane i kollisjonsaugneblinken.

Hvattum seier dei også ventar på rapporten frå ulukkesgruppa til Statens vegvesen.

På spørsmål om det er funne tekniske manglar på ulukkesbilane så vil ikkje Hvattum seie noko om dette.

Heile saka står i papirutgåva onsdag 24. april.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.