Arnfinn Kolerud er forfattar. Han bur på Flatraket, men kjem frå Isfjorden i Romsdalen.

Lokalpolitikk 2015: I heimkommunen min, Rauma, var det sosialistisk fleirtal etter valet, heilt til ei dame frå Arbeidarpartiet melde seg ut av partiet for å berge Høgre-ordføraren.

I bukommunen min, Selje, gjekk ei dame frå Sp ut av partiet sitt dagen etter valet og sikra KrF ordførar. Samtidig skreiv Ap først under på éin avtale, for så å inngå ein ny, under mottoet: Ein avtale varer berre til den blir broten.

I kontorkommunen min, Vågsøy, gjekk Frp saman med Raudt for å ta makta frå Høgre.Folk må gjerne stemme ved neste kommuneval, men for meg er det over. Målt etter intrigar, skulle ein tru maktkampen stod mellom fjorten år gamle jenter.

Når ikkje politikarane held ut med sitt eige parti, kan dei ikkje vente at folket gjer det. Det er i alle fall ikkje snakk om eit demokrati, altså folkestyre, når politikarane set folkeviljen til side.

Vi får heller kalle det lureri.

Når ein har forlova seg og møter opp ved alteret, må ein vel gifte seg med han som står der, trudde eg. Ein kan ikkje seie: Nei, forresten, eg vil heller ha han der på tredje rad, han i den grå dressen.

Eller om du går ut på bana som Molde-spelar, kan du ikkje dra av deg trøya og seie:

– Eg vil heller spele for Aalesund.

– Hæ? Men du har jo kontrakt med oss!

– Det hjelper ikkje. Eg liker ikkje kapteinen vår. Eg vil spele for Aalesund.Om eg skal gidde å stemme ved eit lokalval i framtida, vil eg ha vekk alle politiske parti.

Eg vil ha berre éi liste, med femti namn under overskrifta «Ganske fornuftige menneske i kommunen din».

Så kan vi krysse av ti namn kvar. Dei som får flest stemmer, får styre, og den som får aller flest, får vere ordstyrar med dobbeltstemme.

Men det held nok fram som før. Det blir spennande å sjå om deltakinga ved neste kommuneval bikkar over femti prosent. Partia har nok tenkt å løyse det med å dele ut større ballongar, større drops og større roser.