Dette er eit innlegg frå FFO Sogn og Fjordane, og sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 9. oktober.

FFO Sogn og Fjordane (Funksjonshemmas Fellesorganisasjon) sender følgjande fråsegn frå årsmøtet:

FFO ynskjer å støtte arbeidet for eit inkluderande arbeids- og organisasjonsliv. Omsorg for individet og rettane individet har til skuleplass og opplæring på like vilkår står òg sentralt i dette.

Mobbing har i mange år vore eit tema i samfunnsdebatten. Alle har rett til ein mobbefri kvardag. I opplæringslova er dette poengtert: elevar skal handsamast med tillit og respekt.

FFO oppfordrar til haldningsskapande aktivitet. Menneske med nedsett funksjon er særleg utsette. FFO sitt mål er å motverke trakassering og utstøyting av menneske i alle samanhengar, både på lokalt og nasjonalt nivå. Som medmenneske må vi lære oss respekt for kvarandre. Ta ansvar og sei frå!

Mobbing og utstøyting har negativ innverknad på fysisk og psykisk helse. Det råkar både offer og familie (og vert til sist kostbart for samfunnet). Vi etterlyser ein god og konkret nasjonal plan snarast.

FFO ynskjer eit samfunn der alle skal kunne delta. Ingen skal kjenne seg utstøytte.