Dette innlegget er skrevet av Kjersti Toppe (Sp) og sto på trykk i Fjordenes Tidende tirsdag 13. oktober.

Regjeringa skal i haust legge fram nasjonal helse – og sjukehusplan. Det i ein situasjon der norske sjukehus er fylt opp med pasientar og har ein beleggsprosent som er blant dei høgaste i vestlege land.

Berre Israel og Tyrkia har kortare liggetid på sjukehus enn oss. Faktum er at norske sjukehus har for få senger til for mange pasientar. Korridorpasientar er blitt eit vanleg fenomen og er ein alvorleg trussel mot pasienttryggleiken. Gjennomsnittsbelegget i norske sjukehus er i dag 93 prosent. Det er 8 prosentpoeng over den internasjonalt anbefalte øvre grensa for forsvarlegheit.

Høg beleggsprosent fører til redusert kvalitet og pleie, og auka risiko for uheldige hendingar. Ei stor tysk undersøking konkluderte nyleg med at beleggsprosent over 92,5 prosent gir markant auka døyelegheit blant pasientar og auka sjukdom blant dei tilsette. Senterpartiet meiner at vi må innføre ei grense i Norge på 85 prosent belegg i ordinær sjukehusdrift, slik England har gjort.

Men både regjeringspartia og Arbeidarpartiet har offentleg sett seg i mot dette. Det gjev grunn til uro. Helseminister Høie har til dømes i svar på spørsmål til Stortinget slått fast at alle nye sjukehus i Helse Sør Øst, slik som nytt sjukehus i Drammen og nytt sjukehus i Oslo på Gaustad, no blir planlagt for beleggsprosent på 90 prosent – altså langt over grensa til kva som er forsvarleg. Korleis kan desse partia forsvare dette?

Regjeringa opnar også opp for å sentralisere all pasientbehandling som krev akutt kirurgi. Problemet er at Regjeringa ikkje har forklart kor desse nye pasientane skal behandlast. På overfylte sjukehus med pasientfarleg beleggsprosent i dei store byane?

Vi treng alle dei sjukehussengene og lokalsjukehusa vi har i Norge, og vi treng å styrke kapasiteten og kvaliteten, ikkje berre på lokalsjukehusa, men også på dei større sjukehusa. Vi treng ikkje privatisering og fritt behandlingsval.

Vi treng politisk handlekraft for å få dei offentlege sjukehusa på fote igjen og ein aksept for at vi har ein befolkningsstruktur og busettingsmønster som krev eit desentralisert sjukehustilbod. Dette må inkludere kirurgar i akuttmottaka. Sjukehus er politikk. Senterpartiet inviterer til samarbeid med alle partia i opposisjonen om å ein modell for kvalitet som hindrar regjeringas sentralisering av folkets helsevesen.

Der skal vi vere heilt tydelege på at norske sjukehus må styrast demokratisk og byggast på samarbeid i staden for konkurranse mellom sjukehus, og sjølvsagt ha ein beleggsprosent som ikkje er direkte pasientfarleg.