Denne kommentaren er skrevet av Arnfinn Kolerud og sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 5. februar.

Før i tida vart det rekna som ulykke å velte eit saltkar.

Som alt anna godt, er salt skadeleg. Vi skal helst berre ha tre gram per dag. Men det er jo pukk umuleg å få i seg så lite når det er salt på alt, både fisk og kjøt, sjokolade og potetgull, lakris og E39. Det er eit villsvin som har skulda, trur forskarane. Ein gong i tida sprang eit villsvin på sjøen og drukna.

Eg måtte be ei av dei halde stillt. Men det gjorde ho ikkje. Der er forresten òg ein kopi av «Nattverden» av Da Vinci, hogd ut i salt. Ein lærer mykje av å lytte på radio, i dette tilfellet programmet Ekko. Men det har sine ulemper. Nokre av oss er plaga med å assosiere, altså drive med tankesprang. Etter slike program kan vi knapt snu eit saltkar utan å tenke på Judas og drepne høvdingar og druknande villsvin.