Ane Barmen er skodespelar og frilans skribent. Ho bur i Oslo, men kjem frå Vågsvåg. Ho hadde denne kommentaren på trykk i papiravisa fredag 23. september:

Herre, vi pip ditt heilage namn

Eg var i kyrkja på søndag. Det skjer særs sjeldan, men no var det konfirmasjon til kusina mi, og då må sjølv ein ateistisk fadder få på seg finstasen og stille i Guds hus. Gudstenester er ikkje øvst på ynskjelista når ein ikkje er religiøst anlagt, men iblant må ein til pers og stille i barnedåpar og konfirmasjonar og slikt, og då er det éin ting som får meg gjennom det: eg får no i alle fall synge litt.

Eg likar i grunnen å synge salmar. Både heime og i kyrkja. Helst heime i Vågs, med eit glas raudt og litt utpå kvelden saman med mamma. Vi tek den eine nydelege salmen etter den hin medan lyden frå TV-en blir påfallande høgare og høgare i hi sida av stova der resten av familien har samla seg, stadig strammare i fjeset.

Så eg syng så gjerne viss eg fyrst må i kyrkja. For eg er generelt tilhengar av allsong, i alle fall i religiøse samanhengar, då ein ikkje har så mykje anna å finne på.

Men det er eit enormt problem med allsong i kyrkja. Eg veit ikkje om dette er noko Den Norske Kyrkja har vedteke, men i absolutt alle samanhengar eg har vore i ei kyrkje og sunge med på salmane opplever eg det same problemet: organisten legg alle songane altfor høgt for vanlege folk å synge.

Kva er greia? Er alle organistar fyrstesopranar? Eller trur dei at publikum er det? Favoriserar Den Norske Kyrkja dei med lyse stemmer framfor oss vanlege søndagsgrumsete menneske med normal stemmehøgd? Ein kan jo bli sur på heile greia. Her har eg tatt på meg strømpebukse og kamba håret og psyka meg opp til to timar med Jesus, og så må eg sitje og pipe meg gjennom alle salmane.

I konfirmasjonen på søndag blei det ekstra bittert, for kateketen tok ordet før gudstenesta starta og var streng og bad oss om å synge UT, elles blei det så trasig, meinte ho. «Pina det greitt», tenkte eg og reinska halsen. Og sjølvsagt: ho la salmen i fistel og tvang oss uti eit pipekor av ei anna verd. «Jammen syng no UT!» masa ho etterpå. «Legg salmen TRE OKTAVAR NED, så kan vi kanskje bli med!» skreik eg tilbake. Inni meg. Men det er nesten det same.

Hadde eg vore forsongar hadde eg lagt alle songane godt ned i eit herleg, mørkt stemmeleie så sjølv den trøyttaste kyrkjelyd kunne ha sunge med. Men kanskje dei vil ha det sånn? Kanskje dei vil ha stille, kraftlaus salmesong? I så fall utfordrar eg dei til å kome til Vågsvåg neste gong eg og mamma held konsert. Om ikkje vår næraste familie set pris på songgleda kan vi i alle fall by på innleving og andrestemme. Og det er faktisk ikkje så tyle, det heller.