Kva med å byggje ein barneskule på Bryggja for alle eller dei fleste av ungane i kommunen? spør Hans Gunnar Våge. Illustrasjonsfoto

Kva med å byggje ein barneskule på Bryggja for alle eller dei fleste av ungane i kommunen? spør Hans Gunnar Våge. Illustrasjonsfoto

Innlegg:

- Eit reint økonomisk spørsmål

Dette innlegget er skrive av Hans Gunnar Våge og stod på trykk i Fjordenes Tidende 10. januar.

- Eit reint økonomisk spørsmål

No har kommunestyret vedteke nedlegging av skulane i Holvik og på Bryggja, og det skuldast eine og åleine økonomien i Vågsøy. Kommunen vil tene stort på å samle elevane på færre skular.

I Måløy slit ein med tomtemangel, og det finst lite rom for å utvide på Skram for å gje plass til ungane frå utkantane. Difor kjem eg med fylgjande forslag: På Bryggja t.d., fins det tomteland i mengdevis, og ein kan byggje ein skule for, gjerne alle ungane i kommunen, eller for dei fleste.

Og tenk for ein fin start på dagen for ungane frå Måløy. Sitje på ein varm og god buss, trygge, med sikkerhetsbelte på, og samtale med sidejenta eller -guten i fram mot 20 minutt. Verte køyrde heilt til skulen, og sleppe å trakke gatelangs i storbyen Måløy.

Det kan neppe vere verre for ungane frå Måløy å verte bussa til Bryggja, enn for ungane frå Bryggja å verte bussa motsett veg?

Om det å byggje ein skule utanfor «byen» ikkje får tilslutnad, så viser det berre at argumentet om at det er eit reint økonomisk spørsmål, ikkje held. Då handlar det om å byggje «byen», og samle alle tilbod midt i sentrum, og ikkje kva dette kostar.

Argumentet om at det er i Måløy flest menneskje bur, og at «alle», eller dei fleste tilbod må samlast der, minner meg om argumentasjonen til Kjell Opseth, då kyststamvegen i fylket vart vedteken lagt gjennom «kystbyen» Førde. Det var i Førde og Sunnfjord det budde flest folk, så difor. La meg sjå kor mange frå Måløy som støttar ein barneskule utanfor sentrum, og kor mykje hald det er i at det er berre økonomien som avgjer kvar tilboda vert plasserte.

Er det ikkje berre eit økonomisk spørsmål, men eit spørsmål om nærleik til skulen, så ver ærlege nok til å seie ting slik dei er.

Sjølv har eg lita tru på det økonomiske aspektet etter å ha overhøyrt ein Venstre-representant under valkampen til siste kommunestyreval. Ungdomsskulen måtte plasserast på Gotteberg, slik at ungane kunne gå til skulen, vart det sagt. På spørsmål om det gjaldt elevane frå nordre luten av kommuna  òg, var svaret; «nei, dei skal sjølvsagt nytte buss». Eit godt og oppklårande svar om kven ungane i kommuna var, er, og blir.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå