Innlegget er skrive av ordførar i Selje, Stein Robert Osdal.

Berekraft og skremsel – kommunereform del 2

Atter ein gong har personar frå nabokommunen i sør tatt fram pennen og malar eit bilde som eg vert nokså forarga på.

Må berre først kome med fakta.

Selje har sidan 2014 hatt befolkningsauke. Sidan 1. juli 2016 har vi auka folketalet med 13. Vi er oppe på same folketal som 2. kvartal 2013. 53 innbyggarar i pluss sidan 3. kvartal 2014. Vi er i vekst.

Arbeidsløysa i Selje er dalande og ved siste teljing er vi nede i 2,6 prosent. Vi har ein del sesongarbeidarar som gjer at denne prosenten er varierande. Trenden er positiv. Vi har hatt ei god satsing på heilsårs arbeidsplassar ved verksemda Pelagia Moldefjorden som gjer at vi reduserer noko på sesongarbeidsplassane til fordel for heilsårsarbeidsplassar. Vi er i endring.

Næringslivet i Selje går så det suser. Mange bedrifter leverer flotte resultat og viser igjen på den nasjonale og internasjonale marknaden. I kommunen har vi eit variert og godt næringsliv som er representert innanfor mange ulike næringar. Frå tekstil, via lystbåtar, DAB-teknologi, mekanisk, utstyr til fiskeflåten nasjonalt og internasjonalt og innovative fiskeribedrifter som er i verdsklasse. Vi er i utvikling.

Selje kommune er ein liten kommune. Vi har i fleire år jobba knallhardt for å forbetre økonomien. I 2017 går vi ut av ROBEK. Vi har nedbetalt tidlegare års underskot og leverer på resultat. Vi har SFE-aksjar som kan omsettast, vi bygger opp fonda våre som kan nyttast til nødvendige investeringar i Selje på mange felt. Denne investeringa skal politisk forankrast på ein god måte. Vi er på offensiven.

Selje kommune er ikkje ein næringssvak og befolkningssvak kommune. Vi er ein stolt kommune med mange positive fordelar.

Vi har på trappene ein Stad skipstunnel som vil vere eit internasjonal ikon samferdslemessig og turistmessig. Vi vil i samband med skipstunnelen bygge ut næringsområde som vil trekke til seg spanande næringar innanfor marin næring. Skipstunnelen vil òg endre kommunikasjonen vår. Vi vert tettare knytt til Ålesund med hurtigbåt.

Så til turisme. Vi har i dag eit samla næringsliv som ynskjer å bygge vidare på dei stolte tradisjonane vi har innanfor turisme. Vi har vore gjennom eit tragisk år i 2016 der hotellet, sjølve livsnerven i turismesatsinga vart øydelagt i brann. Det er eit utstrekt mål og vilje til å bygge opp igjen hotellet. Vi er i gang.

Det er entusiasme i Selje for Eid og det Eid representerer av både næringsliv, handel og kultur. Veldig mange i Selje har ein identitet som nordfjording, og Eid er ein av dei fremste talspersonane for nordfjordidentiteten. Vi ser det som naturleg å få med Vågsøy. Ein flott kommune med mange spanande kvalitetar.

Eid er lengre framme enn Selje på ein del område, men Selje representerer mange ting som vi kan utfordre Eid på. Vi ønskjer å slå oss saman med ein god kommune som kan utfordre oss. Utfordre oss på det som vi kan verte betre på. Denne utfordringa skal vi klare.

Selje kjem til å vere ein god kommune 31.12.2019. Nye Eid/Selje den 1.1.2020 vil vere ein flott kommune med eit variert næringsliv, gode tenester for innbyggjarar og med eit stort potensial innanfor mange område. Med Vågsøy vil dette bildet verte enda meir utfylt.

Intensjonsavtalen mellom Selje og Eid håper og trur eg går igjennom i kommunestyret i Selje, og eg har trua, og håper på det same for Eid. Nordfjord er ein unik fjord med mange flotte kommunar med ulik identitet og næringsliv. Denne variasjonen er flott og har ein stor verdi innanfor merkevare bygginga for reiselivet.

Selje er ein kystretta kommune med mange flotte bedrifter innanfor marin og maritim næring. Dette skal vi utvikle, intensjonsavtalen legg opp til det. Eid har eit spanande næringsliv som er litt forskjellig frå Selje sin. Denne variasjonen er flott og skapar ein heilskap som er til det gode.

Vågsøy har store økonomiske utfordringar. Eg håper at kommunen kjem igjennom dette på ein god måte. Vi treng Vågsøy, vi treng denne kommunen i Nordfjord.

Å kople seg på Florø vil svekke nordre delen. Fokuset vert på Sunnfjord og Florø som er dobbelt så stor som Vågsøy. Kvifor skal vi framelske den einsidige, det einsidige næringslivet. Det vil no gjere oss meir sårbare. Eit variert næringsliv i ein kommune er ein av dei viktigaste kriteria for ein sunn kommune saman med korleis innbyggjarane beveger seg i den nye kommunen. Vi pendlar mellom Eid, Selje og Vågsøy. Sørover er det lite kommunikasjon og slik vil vere det i dei neste 20 åra.

La oss ikkje rive i sund Nordfjord som ein flott region, men heller satse på Nordfjord i lag gjennom kommunereforma, gjerne med fleire kommunar enn berre Selje og Eid