Dette innlegget er skrive av Kåre Myklebust og stod på trykk i Fjordenes Tidende 20. januar.

Flora og Vågsøy utan Bremanger. Ja, det er sikkert ein god tanke!

Kven har rett. I eit demokrati har ingen heilt rett. Den som har mest rett, er den som ikkje karakteriserer den han er usamd med.

Bremanger kommune har god tenesteyting, felles arbeidsmarknad med Vågsøy og Florø, nei. Altså: Floraordføraren treng ikkje vere ottefull for Bremanger kommune. Han treng ikkje reise til Oslo å vere ottefull for Bremanger kommune. Bremanger kommune klarer seg godt åleine, fleirtalet i Bremanger kommune har sagt det. I eit demokratisk land, aksepterer ein det. Ikkje sant?

Arbeidarpartiet har poengtert at det ikkje må bli tvangssamanslåing. Bremanger kommune ynskjer å ikkje slå seg saman med Flora. Godtek Florø Arbeidarparti det? Klart det gjer det. Skulle berre mangle.

Det er positivt at ein drøfter samarbeid utan å slå seg saman. Samarbeid tener som oftast alle på. Samarbeid kan ein og bør ein ha langt ut forbi kommunegrensa. Eg skjønar ikkje kva vanskar næringslivet har med tanke på kommunegrenser. Bedriftene kan no samarbeide med kven dei vil same kva kommunen heiter.

Min påstand:

Kommunegrensa har ingen verknad for samarbeid mellom bedrifter. Finn ei Florøverksemd det aktuelt å samarbeide med ei bedrift i Kalvåg, gjer den det om det er i to ulike kommunar. Konklusjonen på næringskonferansen 1. oktober 2014, var at Bremanger kommune var ein god næringskommune, men at ein burde styrke næringsavdelinga i kommunen. Dersom næringslivet er misfornøgde med den, bør dei ta kontakt med rådmannen. Næringssjef, er det løysinga?

Som samfunnsengasjert har det vore triveleg å følgje vegdebatten. Det er no 30 år sidan diskusjonen om kvar vegen skulle gå «gjennom» Svelgen. Gjennom Kruna eller langs Risevatnet. Framleis går vegen gjennom Svelgen. Debatten om kryssing av Nordfjord er òg snart 30 år gamal. På Tongane skulle ligge ferjekai. Eg var sjølv med på synfaringa.

Når «Kystvegen» vert opna i 2040 – de såg ikkje feil – det er snakk om 2040. Samfunnet har endra seg. Teknologien har gjort at løysingar ein diskuterte i 2017, for lengst har gått ut på dato.

Vegen frå nordsida av fjorden går enten med el/gassferjer utan mannskap eller i røyrtunnel. Tenkt tanken, Reidar. Du sit på Isane og ser sjåførlause bilar susar ut av og inn i eit rør. Eg får nok ikkje oppleve det. Så fer dei vidare gjennom Myklebustdalen, på nordsida av Risevatnet, over Rise, vidare langs Gulenfjorden og gjennom ein tunnel som kjem ut i nærleiken av krysset til Nordalsfjorden.

80 prosent av bilane og 90 prosent av passasjerane skal til Førde, Sogn (austover) eller Bergen. Mellom Selje, Måløy, Bremanger og Florø har alt i mange år gått ein skipparlaus el/gassbåt, laga av Brødrene Aa. Den har løyst kommunikasjonsvanskane til næringslivet langs kysten. Den som lever får sjå.

Mi oppmoding i debatten som må, og skal kome, i åra framover: Lat ikkje kjenslene få ta overhand, diskuter sakleg utan å fortelje at nokon tek feil. I eit demokrati har alle lov å ha ei meining.

Lukke til!