Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende 20. januar.

- Vi må ha lov å verne oss mot terroristar

Har vår liberale rettsstat lov til å forsvare oss mot farlege terroristar? Dette har vore eitt av dei sentrale spørsmåla i ankesaka rundt soningsforholda til Anders Behring Breivik. Svaret må bli ja.

Det er dessverre lite som tyder på at denne mannen er mindre farleg no enn då han planla og gjennomførte dei brutale handlingane mot tilfeldige og uskuldige offer denne svarte sommardagen i 2011. Folk som var på feil plass til feil tid.

Regjeringsadvokaten hevdar at det er ingen andre fangar i heile Norge som staten har brukt så mykje ressursar på. Massemordaren har betre soningsforhold enn mange andre. Ikkje berre er soninga til denne mannen dyr. Tenk på kva rettssakene, der den tredje går no, kostar samfunnet av tid og pengar? Sett i lys av dei mange ufattelege lidingane og sår han har påført så mange, så skal det smake å sone den verste handlinga som har skjedd etter krigen. Tenk kva dei som er blitt så brutalt krenka av denne terroristen tenker når dei opplever at han igjen viser seg fram med Nazi-helsing og klagar på behandlinga han får.

Skal folk ha tiltru til demokratiet og rettsstaten så må slike personar passast på. Samfunnet må hindre at han kan gjere liknande for å fremme sin ekstreme ideologi.

Dette er dessverre ikkje ein angrande terrorist. Tvert imot så syner alt som kjem fram at han framleis vil ut med sin ideologi og at han kan vere farleg. Han ser framleis på seg sjølv som noko stort som kan ty til terror for å bli lagt merke til. Denne høgreekstreme massemordaren har påført samfunnet nok lidingar.