Marit Nore Sørhaug i Sjukehusaksjonen Nordfjord er på tråden til Fjordenes Tidende med følgjande meiningsytring:

- Ein må fortelle heile historia

Eg høyrde på lokalradioen at alt går så bra på Nordfjord sjukehus etter at akuttkirurgien forsvann for 12 år sidan. Dei har ikkje hatt nokon «uønskte hendingar», seier dei.

Det er vel og bra at det ikkje har skjedd noko alvorleg. Det er det alle strevar etter. Men dei fortel ikkje heile historia her, dei har ikkje tatt med alt som kunne gått gale. Og det er takka vere Volda sjukehus. Det ligg nært, og mange har reist dit når det har hasta. Eg har sjølv opplevd dette innan familien.

Vi i Sjukehusaksjonen veit også at det har stått kritisk sjuke pasientar på ferjekaia på Lote der ambulansepersonell har tatt ansvar og transportert pasientane til Volda. Denne historia er nokre år gammal, og vedkommande pasient berga livet. Det er viktig at dette perspektivet kjem med når Nordfjord sjukehus fortel kor bra alt har gått utan akuttkirurgi. Heile historia må med, og eg reagerer på at den ikkje gjer det i saka på NRK Radio.

I dag ser det ut til at fleire sjukehus vil lide same skjebne som Nordfjord sjukehus. Fem sjukehus i Norge er i løypa til å bli lagt ned slik som skjedde med sjukehuset på Nordfjordeid. Det er sørgeleg. Vi har ein helseminister som brukar Nordfjord som ein «vellukka» modell for resten av landet. Men dei som no legg ned sjukehus ser ikkje på heile spekteret, kva eit lokalsjukehus er verdt og kva det betyr å redde liv når ein har akuttfunksjonane på plass.

Det er sjølvsagt flott med gode, nye tilbod ved sjukehuset på Nordfjordeid. Men desse skulle ha kome i tillegg, ikkje i staden for.

Når dei viktigaste funksjonane fer, er vi hjelpelause.