Denne leiaren er skriven av Erling Wåge, redaktør i Fjordenes Tidende.

Torsdag sa eit fleirtal på 18 i Vågsøy kommunestyre ja til å byggje ny fleirbrukshall til 24,8 millionar kroner ved den nye ungdomsskulen i Måløy. 9 representantar røysta imot. Dermed kostar det nye anlegget totalt 184,8 millionar kroner, pluss prisen på riving og den mellombelse brakkeskulen.

Den årelange striden rundt bygging av ny ungdomsskule har vore ei av dei heitaste politiske sakene i Vågsøy på mange år. Kanskje ikkje så rart når dette er den største enkeltinvesteringa kommunen har gjort nokon gong.

Heilt fram til fleirtalet i desember 2015 bestemte å byggje ny skule, så var det mange som meinte at saka ikkje var godt nok greia ut. Det var også delte meiningar om plassering.

Og mange var forundra over at politikarane ikkje ville gjere noko med gymsalen og symjebassenget som ein då visste var i dårleg forfatning då dei bestemde seg for å bygge nytt. Først fem månader seinare kom riving av gymbygget opp som hastesak.

Det er ikkje tvil om at den nye ungdomsskulen blir fin og funksjonell. Og det er heller ikkje tvil om at elevane og lærarar fortener eit bygg til fysisk aktivitet. Det som uroar mange no er korleis barn og unge i kystkommunen Vågsøy skal få symjeunder- visning og trening i å vere i vatn.

Det vesle bassenget på Skram skole har ikkje kapasitet til alle i grunnskulen i Vågsøy. For Vågsøy kommune, som har ein veldig vanskeleg økonomi, er det ikkje lett å finne ei løysing på dette. Det neste som vil presse seg fram av investering er å ruste opp Skram skole. Når Holvik skule blir lagt ned og elevane blir flytta til Skram, så seier rektor at det vil vere behov for investeringar der også. Det vil føre til at lånegjelda vil auke ytterlegare, og det blir endå mindre til drift og vedlikehald av mellom anna skular, barnehagar, kyrkjer og vegar.