Denne leiaren er skriven av redaktør Erling Wåge, og stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 21. februar:

Kvifor skal nordfjordingane betale 30 prosent meir for same reiseavstand med hurtigbåt? Spørsmålet har vore stilt mange gonger.

Reisetida og avstanden på dei to turane er omtrent lik. Og rutene blir utført av det same reiarlaget. Då er det ikkje lett å forstå at det skal koste 235 kroner meir å reise frå Selje enn frå Sogndal til Bergen. Det kostar 940 kroner å reise frå Selje til Bergen og 705 kroner frå Sogndal til Bergen på ordinær pris.

Billegare billett frå Sogn var først ei prøveordning som Fylkesbaatane innførte for å møte konkurransen frå andre transportmiddel. Passasjertalet auka, og i 1998 vart ordninga permanent. Her har dyktige samferdslepolitikarar og byråkratar i Sogn køyrt fullstendig over Nordfjord.

Enkeltpersonar og næringslivet i Nordfjord blir straffa med ekstra dyr billett. Pengar som reiarlaget brukar til å subsidiere den 30 prosent lågare prisen på sognebåten. Dette er ikkje rettferdig. Tenk om busselskapa skulle gjort det same? Då kunne det blitt mange rare takstar. For dei som er avhengig av å reise mykje så blir dette mykje pengar gjennom eit år

Denne skeive ordninga har folk i Nordfjord teke opp mange gonger. Men endå er det ikkje retta opp. Det er flott at fylkespolitikarane no vil ta ei ny runde på det svært så urettferdige at det kostar langt meir å reise frå Selje til Bergen enn det kostar å reise frå Sogndal til Bergen med hurtigbåt. Sognebåten har fleire gonger hengt i ein tynn tråd fordi fylket har trua med å redusere støtta til den. Det er ikkje rett at folk i Nordfjord skal betale prisen for at sogningane skal ha denne ruta.