Denne kommentaren av Arnfinn Kolerud stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 24. februar.

Søppelsortering i Vågsøy

Det er dette vi har frykta i alle år! Det har kome ei oppfinning som viser kva folk tenker. No kan kven som helst få innsyn i alle dei stygge tankane vi har i hovudet. Til no har andre menneske berre høyrt kva som kjem ut av munnen vår, og det kan vi jo kontrollere nokså godt. Den nye oppfinninga er heilt motsett. Den registrerer ikkje noko av det vi seier, berre det vi tenker, og den fokuserer mest på sjølvskryt og dritslenging. Den heiter Facebook.

Med ujamne mellomrom oppstår det diskusjonar på Facebook om ting som skjer i Vågsøy. Fleire personar, av plassmangel kan eg ikkje nemne namn, er kjapt ute med å vrenge innsida ut i kommentarfelta. Dei stemplar andre innbyggarar som dumme, idiotiske, inkompetente, udugelege og trongsynte. Desse personane er så suverene at dei ikkje eingong treng å sette seg inn i ei sak for å vere skråsikre. Dei veit allereie kven av oss som er idiotar. Det nyttar heller ikkje å argumentere med fakta, for dei har, som Donald Trump, sine alternative fakta å halde seg til.

Eg trur desse personane er flinke til å sortere vanleg søppel. Dei har dunkar utanfor husa sine, med ulik farge på lokka. Dei puttar mat i mat, papir i papir, og alt anna i anna. Giftig avfall leverer dei på eigne mottak. Det er berre sitt eige indre avfall dei ikkje greier å handtere. Alt dei samlar opp av flåseri, ironi, flisespikkeri, besserwisseri, kjepphøgeri og uvitande allviteri, dumpar dei ut i kommentarfelta. Under fullt namn. Dei vil sikkert kalle det engasjement og temperament, men det druknar i mangel på folkeskikk.

I niande klasse hadde vi maskinskriving som valfag. Vi lærte å skrive med alle fingrane, ikkje berre den sterkaste. Dei to veslefingrane måtte famle seg fram til sjeldne bokstavar som Q og Æ. Det var berre så vidt desse bokstavane kunne skimtast på papiret etterpå. Når folk diskuterer på Facebook, via mobil eller pc, ser det ut som det berre er éin finger i bruk – ein harmdirrande peikefinger. Det er neppe lurt. Det kan vere lurare å bruke den minste fingeren av og til. Det kan òg vere ein idé å la orda gå omvegen ut munnen først. Om det høyrest for drøyt ut, er det nok nettopp det.