Dette innlegget er skrive av Gunnhild Seljenes Solheim frå Selje.

Det er ingen skam å snu

Dersom Gunn Sande (Sp) har rett i at polikarar i Flora seier ja til Vågsøy fordi dei ikkje skal bli tvangssamanslegne med Eid og Selje, er vel Flora nesten lurt til å ta hand om Vågsøy. Dette blir berre meir og meir rotete. Til denne tid har det vel aldri vore snakk om tvangssammenslåing. Og om det skulle bli noko av det seinare er det vel ikkje lokalt dette blir bestemt.

Noko anna er at det kan bli langt vanskelegare å oppsøke ein administrasjon som ligger så langt unna, om ein skulle ha ærend der. For meg verkar det å slå saman Vågsøy og Flora som unaturleg. Meir naturleg er det at Vågsøy blei med i Eid og Selje. Vi er på nordsida av Nordfjord alle tre. Det ser mest ut som det er trass og prestisje som no styrer «skuta».

Det verkar urimeleg at politikararane i Vågsøy ikkje tek omsyn til at 55 prosent av eigne innbyggjarar ikkje ønskjer seg sørover til Flora. Politikarane er valde av folket, og då kan ein ikkje fyrst spørje kva dei meiner og så totalt oversjå meiningane deira.

Det er framleis tid til å snu i tide. Som kjent er det ikkje noko skam.