Innlegget er skrive av Ola Teigen, ordførar i Flora kommune.

Gode Vågsøyværingar!

Aldri har vi vore nærare å kunne realisere ein kystkommune med kraft! Ein kommune beståande av Vågsøy og Flora som motor for å få til den utviklinga vi vil på kysten. Ein kommune som er heia på av vårt særs oppegåande næringsliv, eit næringsliv som genererer milliardar av inntekter til landet og finansierer velferdsstaten vår.  Kinn kommune vil kunne skape enno større verdiar, arbeidsplassar og næringsutvikling på kysten av Sogn og Fjordane. Denne visjonen deler både Flora og Vågsøy og no gjenstår berre eit JA, så sender vi søknaden til Stortinget.

Prosjektet Kinn kommune er så godt at vi no ser kraftig mobilisering for at vi ikkje skal lukkast. Felles for motstanden er at dei i stor grad er mobilisert utanfrå våre eigne kommunar. Aldri har eg stukke kjeppar i hjulet for at Selje/Eid skal finne kvarandre, men sanneleg opplever vi ikkje den same gentlemenshaldninga tilbake.

Det er mange som håpar at ein sterk kystkommune skal mislukkast. Mitt håp er at vi framleis står fast ved den intensjonen til dømes Vågsøy kommune har vedteke tre gongar; ein ønskjer ein sterk kystkommune.

Ein ny kommune skal ikkje bygge ned tenestene i verken Vågsøy eller Flora. Det er nedfelt i intensjonsavtala at skule, omsorg, barnehage og liknande, skal vere som i dag. At Kulatoppen treng påbygging om nokre år er sjølvsagt. Kino og legevakt, som nokon er uroa for, vil sjølvsagt heller ikkje verte endra.

Det som vert endra er at den nye kommunen forpliktar seg til å få på plass eit nytt symjeanlegg i Måløy. Vi må òg sørgje for at ein får kulturhusfasilitetar i Måløy sentrum.  Også for oss i Flora er det viktig med utvikling i heile kommunen slik vi alt gjer i Flora i dag. Vi bygger breiband for 12 millionar i øyane i 2017. Eikefjord skule til over 100 millionar står ferdig i vår. Vi asfalterer for 6 millionar kvart år framover for at også distrikta skal få gode vegar. Vi bygger på barnehagen i Eikefjord for 16 millionar og vi er opptekne av å ha gode båtruter til øyane våre. Dette brukar vi over 4 millionar på kvart år. Vågsøy vil sjølvsagt også vere eit satsingsområde for dei med bustadadresse Florø, det ber intensjonsavtala preg av.

På kommunehuset skal like mange som i dag arbeide der i framtida. Publikumsfunksjonar skal vere som i dag. I tillegg skal det til Måløy leggast ansvaret for tre nye utviklingsmiljø. Ambisjonen er at aktiviteten skal vere større i framtida enn i dag! Vi har også ambisjonar om å få nye oppgåver til kommunen blant anna på næring. Dette skal handterast frå Måløy. Rådmann og kommuneleiing skal også ha kontor og arbeidsdagar i kommunehuset i Måløy.

Fleire har vore opptekne av Flora si gjeld.  Flora har ca. 108.000 i lån pr. innbyggar.  Vågsøy har om lag 92.000 og Eid 127.000. Flora har inntekter 93.000 per innbyggar, Eid 86.000 og Vågsøy 85.000. Samanlikna med Vågsøy har Flora mindre lån per innbyggar som må dekkast av frie inntekter enn Vågsøy.  Dei kommunale gebyra som dekker mykje av resten av kommunen si gjeld, som er kalla sjølvfinansierande, er om lag 1000 kroner mindre i Flora enn Vågsøy.  Langt på veg er kommuneøkonomien vår meir lik enn ulik.

Med så store moglegheiter er det etter mi meining berre ein ting å gjere. Lytt til næringslivet om du vil ha vekstkraft på kysten. Lytt til næringslivet om du meiner kysten av Sogn og Fjordane må få ut sitt potensiale.

Sei ja til intensjonsavtala mellom Vågsøy og Flora!