Dette innlegget er skrive av leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet i Bremanger.

Vårt nei er eit ja til noko betre

Senterpartiet i Bremanger vert av nokre stempla som ein tverr NEI-gjeng som er imot all endring, men vårt nei er eit JA til noko betre! Nærleik har ein verdi! Sentralisering har ein pris!

Vårt nei til samanslåing av Bremanger kommune med kommunar i nord og sør er eit ja til våre skular, barnehagar, sjukeheimar, nærleik til offentlege tenester og eit ja til betre kommuneøkonomi. Vårt nei til nedlegging av lensmannskontora er eit ja til eit politi som er til stades på våre små plassar. Vårt nei til sentralisering er eit ja til nærleik, til kvalitet og betre tenester til innbyggjarane i kommunen. Ingen har sagt noko om kva som vil verte betre i ei stor kystkommune. Vi veit berre at hadde regjeringa hatt eit einaste godt argument for samanslåing, hadde det vert sagt for lenge sidan.

Vårt nei er eit ja til tryggleik, arbeidsplassar og levande bygder.

Regjeringa har gjort reformar i offentleg sektor til sin jobb nummer éin. Knapt ein offentleg sektor står urørd. Vi har fått politireform, sjukehusreform, kommunereform, regionreform, høgskule- og universitetsreform og NAV-reform.

I tillegg har regjeringa føreslege å endre strukturen i brannvesenet, tingrettane og skattekontora. Felles for alle reformane er at tenestar sentraliserast. Små tenestestader leggjast ned og store, sentraliserte einingar byggjast opp i og rundt byane. Distrikta mistar tenester og arbeidsplassar i rekordfart.

Regjeringa skyv svake grupper føre seg og argumenterer med at dei gjennomfører reformane av omsyn til kvalitet. Kommunereforma er naudsynt for å sikre barnevernsborna betre omsorg, seier regjeringa. Dei ser heilt bort frå at studiar viser at det ikkje er nokon samanheng mellom kommunestorleik og kvalitet på barnevern.

Sjukehusreforma skal sikre pasientane betre kvalitet på behandlinga, seier regjeringa. Og ser heilt bort frå at dobla reiseavstand til sjukehuset i nokon tilfelle kan bety skilnaden mellom liv og død. Vi må ruste oss betre til eldrebølga, seier regjeringa. Dei ser bort frå undersøkingar som viser at folk er mest fornøgd med eldreomsorga i små og mellomstore kommunar.

Senterpartiet har vært kritisk til alle desse sentraliseringsreformane og har stemd imot dei i Stortinget. Vi meiner at nærleik har ein verdi, og at sentralisering og stordrift har en pris. Spesielt gjeld dette i mange av tenestane vi får når vi er i våre mest sårbare fasar i livet – for små born, dei som treng omsorg frå barnevern, for eldre og sjuke.

Det har ein verdi å vete at det finnast et lokalsjukehus i nærleiken av der du bur, i tilfelle du skulle få behov for akutt helsehjelp. Det har en verdi at det finnast ein sjukeheim i nærmiljøet, slik at dei gamle kan få møte menneskjer dei kjenner - også når dei ikkje lenger kan bu heime.  At ein ikkje flyttast langt unna familien. Det har en verdi at skulevegen ikkje er for lang, slik at born slepp å bruke store delar av kvardagen sin på skulebussen.

Senterpartiet er ueinig i regjeringas stordriftstenking når det gjelder menneskjer. Politikken dei legg opp til er at sjukehus, sjukeheimar, skular og barnehagar skal bli større, for å kunne drive meir effektivt. Vi meiner at politikkens oppgåve er å gje folk flest mogelegheit til eit best mulig liv, ikkje å drive samfunnet mest mogeleg kostnadseffektivt. Effektivitet kan være bra, men ikkje dersom det går på kostnad av at menneskjer blir sett og høyrt. Eg har enno til gode å møte eit menneskje som drøymar om å ha sine siste dagar på Noregs største sjukeheim.

Det er ikkje berre av omsyn til dei som brukar tenestene at Senterpartiet er kritiske til dei sentraliserings- og stordriftsreformane regjeringa legg opp til. Det er også av omsyn til dei som jobbar i sektorane som no vert sentralisert. Vi er djupt bekymra for at «effektiv drift» vert det nye arbeidsmålet for alt frå førskulelærarar/lærarar, sjukepleiarar og NAV-tilsette. For kva er eigentleg effektiv drift av ein sjukeheim eller eit NAV-kontor? Å bruke kortast mogeleg tid på å stelle pasientane? Å ha færrast mogeleg tilsette på jobb? Å henvise klientar til å fylle ut sine skjema på nett i staden for å få møte ein saksbehandlar? Vi fryktar at arbeidskvardagen til tilsette i offentleg sektor vert meir og meir prega av å måtte springe fortare, ha mindre tid til å sjå pasientar, klientar og elevar og at fleire vil føle at ein ikkje strekk til. Det skaper verken gode teneste eller ein god arbeidskvardag.

Senterpartiet er verte skulda av regjeringa for å være imot all endring. Vi er verte kalla eit nei-parti. Men vårt nei er eit ja til noko betre. Vårt nei til nedlegging av lokalsjukehus er eit ja til at alle skal ha tilgong på god helsehjelp, uansett kvar ein bur. Vårt nei til samanslåing av kommunar er eit ja til skule, barnehage og sjukeheim i alle typar nærmiljø. Vårt nei til nedlegging av lensmannskontora er eit ja til eit politi som er til stades på både små og store stader. Vårt nei til sentralisering og digitalisering av NAV er et ja til at folk i en vanskelig livsfase fortsatt skal få kunne møte eit menneskje å snakke med, ikkje verte henvist til å fylle ut eit skjema på ein skjerm.

For Senterpartiet er dette ein kamp om verdiar. Vi ynskjer ikkje å skape eit Noreg som har eit A-lag og eit B-lag basert på kvar vi bur. Vi meiner det er sjølvsagt at folk som bur i distrikta skal ha like gode velferdstenester som dei som bur i eller rundt byar. Derfor vil vi ha ein politikk som ser heile landet. Senterpartiet seier nei til sentralisering og stordrift fordi vi trur at nærleik har ein verdi.