Denne leiaren er skriven av redaktør Erling Wåge. Den stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 18. april:

Dei interne konfliktane mellom toppleiinga og tilsette i Helse Førde tek ikkje slutt. Like før påske fortalde NRK Sogn og Fjordane at det på nytt er sendt brev til styret der det er uttrykt mistillit til direktøren i føretaket. Dette er det siste som Helse Førde hadde bruk for no etter dei interne konfliktane som har vore siste året.

I september 2016 tok ti tillitsvalde for dei største forbunda i Helse Førde eit oppgjer med leiarstilen i helseføretaket. Dei tilsette skulda då leiinga for å ha uryddige prosessar, dominerande leiarstil og brot på helseføretakslova. Dette førte til at styret då leigde inn eit konsulentfirma utanfrå som skulle sjå på konfliktane. No har legane sendt eit detaljert tilsvar på 35 sider til rapporten som Steenstrup Stordrange laga etter mistillit- og varslarsakene i Helse Førde i vinter.

Dei tillitsvalde for legane i Helse Førde tek eit oppgjer med deler av konklusjonane som granskarane frå Steenstrup Stordrange kom fram til. Dei tillitsvalde for legane i Helse Førde meiner det har utvikla seg ein mistillit mot administrerande direktør Jon Bolstad som er så alvorleg at berre «radikale endringar» kan løyse krisa. Sjukepleiarforbundet stiller seg bak legane i kritikken. Til NRK Sogn og Fjordane sa styreleiar Agnes Landstad at styret har tillit til administrerande direktør Jon Bolstad.

Det må to partar til for å skape ei konflikt. Vi vil ikkje ta stilling til kven som har rett eller kva som har ført til dei interne konfliktane. Her må det berre ryddast opp. Ingen kan leve med at dei som har ansvar for liv og helse til folk i Sogn og Fjordane ikkje har tiltru til den øvste leiinga i føretaket. Dei interne konfliktane i helseføretaket siste tida er uheldige og svært så øydeleggande. Dersom ikkje styret klarer å rydde opp i samarbeidsproblema, så må eigaren, helseministeren gripe inn.