Denne leiarartikkelen er skriven av redaktør Erling Wåge og stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 21. april.

– Kven sine råd vil Stortinget følgje?

Då har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kome med sitt råd om det som kan bli ein ny kystkommune etter 2020. Skal Vågsøy og Flora slå seg saman, så må Bremanger vere med.

Så spørst det no kva partia og politikarane på Stortinget vil seie når dei om eit par månadar skal seie endeleg ja eller nei til ein eventuell ny kystkommune. Vil dei lytte til Fylkesmannen sine faglege råd som er krystallklåre på at skal ein nå måla i kommunereforma, så må Bremanger med i Vågsøy/Flora kommune? Eller vil Stortinget ta omsyn til lokaldemokratiet og det like krystallklåre nei som Bremanger har sagt til å gå inn i ein storkommune?

Spørsmålet er også korleis dei to Arbeidarparti-ordførarane i Vågsøy og Flora, Kristin Maurstad og Ola Teigen, og for så vidt det politiske miljøet i desse to kommunane, vil jobbe inn mot stortingsvedtaket. I begge kommunar er det sagt at dei vil ha med Bremanger, men at det må skje med sjarm og ikkje tvang. Vil Maurstad og Teigen no stå på for å hjelpe Bremanger slik at dei ikkje blir tvinga inn, eller vil dei ligge lågt og håpe på at dei får det som dei vil, at Bremanger blir med likevel?

Med avstandane og kommunikasjonane som er mellom Vågsøy og Flora utan Bremanger er dei fleste samde i at ein delt kommune blir svært utfordrande.

Med Flora som den store tungvektaren kan det bli utfordrande å vidareføre dei flotte formuleringane i intensjonsavtalen mellom Vågsøy og Flora. Det gjekk ikkje så bra med den første prøvesteinen: val av trasé for Kystvegen. Her vart Bremanger ståande åleine om indre, og Vågsøy-fleirtalet følgde Flora-fleirtalet om ytre.

Men skal Vågsøy og Flora bli eitt, må Bremanger vere med. Men utgangspunktet er dårleg når ein av dei tre ikkje vil. Siste ord er ikkje sagt, og det blir nokre spennande veker framover.