Dette lesarinnlegget er skrive av Beate Folkestad Osdal og stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 21. april.

Den langsame sorga ...

Da eg kom ut sat ho og åt. Det vil seie halvsov med maten framføre seg. Dei andre var ferdige. Eg smilte til pleiaren som sat ved sidan av ho. Ho smilte tilbake.

– Hei mamma. Eg sette meg på kne framfor ho. Ho såg granskande på meg.

– Sola skin ute. Vil du vere med på ein liten tur? Ho lukka igjen auga og vart stram i ansiktet. Eg småprata litt. Ingen reaksjon.

– Eg veit kva du tenkjer, sa eg. Ingen reaksjon.

– Du tenkjer, kan ikkje den irriterande dama slutte å mase!

Ansiktet hennar mjukna. Ho opna auga og eit smil bredde seg i heile fjeset. Ho lo.

– Vil du vere med på ein tur? – Ja. Vi gjekk sakte. Hand i hand. Så stoppa ho og peika på noko i vegkanten. Det var hestehov. Vi hadde gått forbi mange løvetann, men dette var hestehov. Det ho alltid plukka når våren kom. Hestehov er vanskeleg å lage ein fin bukett av. Stilkane er for små. Likevel var det dei ho alltid plukka, før.

– Skal eg plukke og ta med? Ho smilte. Eg plukka. Vi vart slitne. Vi sette oss ned på ein benk. Vi pussa nasen. Eg heldt rundt ho. Så la ho hovudet sitt mot meg. Eg møtte ho på halvvegen. Slik sat vi hovud mot hovud.

– Eg er veldig glad i deg, sa eg. – Eg veit det, svarte ho.

Tårene mine rann. Vi sat litt heilt stille. Så gjekk vi inn igjen på sjukeheimen.