Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende 19. mai.

Loen Skylift gjer Nordfjord meir spennande

Vi har vunne i lotto som er heldige å kan bu verdas beste og rikaste land. Og noko av det vi kan gle oss over er å ha det flottaste, mest folkelege og likevel så staselege kongeparet. Som skodespelar Bjarte Hjelmeland så folkeleg sa det under feiringa av kong Harald og Dronning Sonja sin 80-årsdag på slottsplassen sist veke: Dei to er dritgode på å vere konge og dronning.

I fjor feira dei to at dei hadde tent landet i 25 år som konge og dronning. Og i år så er dei to folkekjære Harald og Sonja heile åtti år. Sjølv dei som vil avvikle ordninga med kongehus er imponerte over kongen og dronninga og resten av kongehuset. Mange innrømmer at dei er glade i kongefamilien. Kongeparet imponerer med å vere synlege og svært så aktive trass sin høge alder. Langt frå alle åttiåringar er så spreke.

Det er flott at Norge tek seg råd til å ha eit kongehus. Kongefamilien engasjerer seg i mykje av det som skjer i det flotte landet vårt. Dei deler gleder og sorger med folket. Dei reiser rundt på arrangement og har god kontakt med alle i heile nasjonen. Dei er eit viktig samlingspunkt som alle er stolte av. Vi vil som så mange gratulere vår kjære folkekonge Harald og dronning Sonja med 80-årsdagane dykkar. Ja, de er dritgode!

Laurdag kjem dronning Sonja til Nordfjord for å opne det spektakulære gondolanlegget Loen Skylift. Då skal den spreke dronninga til topps og kaste glans over dette som blir ein ny turistattraksjon for heile Nordfjord. Gondolbana til 300 millionar kroner tek folk 1.100 meter rett opp i ville fjellet. Ein kjempespennande attraksjon og ei oppleving som vil bidra til å gjere Nordfjord endå meir spennande som reisemål.