Denne leiaren stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 26. mai:

12 år gamle Linea Marie Midtbø Helgestad frå Raudeberg har rørt mange. Laurdag vart draumen til den unge jenta oppfylt då ho stod på ei vakkert pynta scene i sin eigen kulturfest og song for ein god ven, Svein Ove Falkevik, og ei god sak.

Dette vart kanskje ein av dei største kulturfestane som har vore i kulturhuset på Tennebø i Vågsøy nokon gong. 130 lokale artistar stilte opp gratis, ja, nokre betalte for å vere med. Og i salen var det nær 700 betalande. Alle billettane var selt ut. Og konserten som varte i nesten tre timar hadde høg kvalitet. Det i seg sjølv er ei god side ved dette prosjektet, at det finst så mange dyktige kulturkrefter i regionen.

No må det seiast at foreldra til Linea har vore viktige i prosjektet. Pappa Frode er ein viktig kulturarbeidar som har arrangert, dirigert og inspirert i mange år. Han hadde stødig regi på den fantastiske konserten. Mamma Wenche har vore ein viktig organisator.

Linea har fått brei omtale i lokal og riksdekkande media. Og så klarer den unge jenta å samle inn meir enn ein halv million kroner til å forske på sjukdommen. Fantastisk. Vi må også skryte av alle som har stilt opp gratis for Linea og for denne gode saka. Mange av oss har mykje å lære av den flotte jenta.