Denne kommentaren er skriven av Arnfinn Kolerud og stod på trykk i Fjordenes Tidende 26. mai.

1001 farlege menn

Du køyrer av ferja på Anda og held fram i retning Førde, fint på plassen din i køen. Som vanleg kjem det ein svart bil bakfrå som skal forbi heile rekka, bil for bil, utan å bruke blinklys. Du må bremse for å sleppe han inn. På Skei svingar du av til bensinstasjonen. Der står den same bilen, og sjåføren som drikk sjølvsikkert av ein cola. Du vil banke han opp, men er for liten. Du vil kalle han ein idiot, men er for godt oppdratt. Du har sikkert ingenting å vinne, men du må prøve:

Du: Hei du, har du høyrt om trafikkreglar? Om 1003-regelen, for eksempel?

Han: 1003 er altfor mykje. Ein blir sløv av det. Når eg ligg heilt opp i ræva di, skjerpar du deg, og da blir det ikkje ulukker. Det er forska på det. 1001 er det beste.

Du: Men vi låg over fartsgrensa, i både 85 og 90, og likevel feis du forbi.

Han: Ja, men 85 er ikkje 85, veit du. Pila viser feil. Du må trekke frå litt.

Du: Eg veit det. 85 er 83 på bilen min.

Han: Nei, det er enda lågare.

Du: Kva veit du om det? Eg har målt på Hauane, på den målaren.

Han: Det er ikkje 80 på Hauane. Og den målaren er ikkje riktig.

Du: Og på målaren inni Stryn!

Han: Den er ikkje riktig, den heller. Alle målarane langs vegen viser for mykje. Veit du ikkje det?

Du: Uansett var det lang midtstripe der du køyrde forbi meg. Du hadde null kontroll.

Han: Du må ikkje sjå på stripene. Stripene er for lange, veit du.

Du: Er stripene for lange?

Han: Vegvesenet lagar dei altfor lange, med vilje.

Du: Korfor skulle dei gjere det?

Du: Dei må bruke opp budsjettet for å få like mykje pengar neste år. Så dei sløsar med målinga.

Du: Kor i alle dagar har du dette frå?

Han: Onkelen min har jobba i Vegvesenet i tjue år. Kva skal du med den pumpa?

Du: Eg skal fylle bensin.

Han: Det treng du ikkje. Pila viser feil, veit du. Du har meir bensin enn du trur.

Du: Sikkert. Du må uansett slutte med den grisekøyringa di. Det er vi andre som må bremse ned og berge livet ditt.

Han: Du treng ikkje bremse. Det er god plass til tre i breidda, veit du, om dei to andre ligg ute på kvitstripa.

Du: No må du skjerpe deg!

Han: Det er eg som skjerpar deg, som sagt, med å ligge tett på. Køyr no, så kjem eg etter, og du skal få sjå at det går fint med tre i breidda!