Dette innlegget er skrive av Anita Holm Cirotzki, hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet Bremanger.

Denne gongen valde de feil

15. juni 2017 handsama kommunestyret i Bremanger forstudierapporten om framtidas skule- og barnehagestruktur. Kort sagt ønskte Arbeiderpartiet og Venstre å frede dagens skulestruktur og dermed halde på kvaliteten ved ALLE oppvekstsentera våre.

Dessverre meinte Høgre, Sp, SV og KrF noko anna og fekk fleirtal for at barnehage og barnetrinn vert freda medan ungdomsskulane skal gjennom ei utgreiing for mogeleg samanslåing. Utdanningsforbundet er sjølvsagt nøgd med at barnehagar og barnetrinn kan halde fram i bygdene våre. Frykta for at skulen og barnehagen skulle bli nedlagt har vore særs tyngande for særleg dei mindre skulane, men det betyr ikkje at ungdomsskulen ikkje er viktig for dei større bygdene våre også.

Vedtaket i kommunestyret seier ingenting om kor denne ungdomsskulen skal liggje, men la oss ta utgangspunkt i at den vert på Kolset, slik modell 3 i rapporten skisserte.

Kompetanse

Svelgen skule har i dag nær 200 elevar og den einaste skulen som ikkje hadde eit einaste negativt punkt ved seg i SWOT-analysen som er omtala i rapporten. Hauge Oppvekst er den største arbeidsplassen på Hauge og er særs viktig både for elevar og lokalsamfunn, på same måte som Davik oppvekst er ein viktig arbeidsplass på Davik. At fleirtalet i kommunestyret er villig til å sjå på ei løysing som vil bygge ned dei tre største skulane våre, svekke kompetansemiljøet, flytte elevar og fjerne arbeidsplassar frå desse skulane og bygdene er særs urovekkjande.  Dette er skular som i dag syner særs gode resultat, ei endring i strukturen kan ikkje gje garantiar for at dette då vil halde fram. Ei slik endring kan føre til konsekvensar som i etterkant kan bli vanskeleg å rette opp att.

Å arbeide i ungdomsskulen krev høgare kompetansekrav i norsk, engelsk og matematikk enn på barnetrinnet. I dag jobbar fleire lærarar med denne type kompetanse på ulike trinn i heile skuleløpet på 1-10 skulane. Det vil seie at fleire elevar på fleire trinn får nytte av denne kompetansen. Dersom ein legg opp til ein felles ungdomsskule kan ein risikere at all personale med denne type utdanning må arbeide på Kolset for at ungdomsskulen der skal kunne klare å stette krava. Dette vil gå utover fagmiljøet på dei andre skulane. Ein kan også risikere at det berre er lærarar ved denne ungdomsskulen som vert prioritert når ein skal sende tilsette på vidareutdanning, for å kunne stette krava. Dette vil også gå utover elevar og fagmiljø ved dei andre skulane.

Vegstandard og skyss

Alle som er busett i denne kommunen veit at vegstandarden i Bremanger er særs varierande, i tillegg til at det er langt mellom bygdene.

Uansett kva økonomisk vinning det kan vere i eit slikt skuletilbod, så er det eit faktum at ein no ønskjer å utgreie eit alternativ som vil sende 123 elevar ut på vegane våre, frå alle bygder i kommunen, langs dei fleste vegane våre i kommunen. Gløymde ein då at ved ungdomsskulane våre går det elevar i dag som allereie har lang skuleveg? Elevar frå Sørgulen reiser i dag frå heimen sin ein time før skulen i Svelgen byrjar. For desse elevane vil ein skule på Kolset føre til reell reisetid opp mot 1,5 time ein veg, altså 3 timar per dag. Dersom same buss skal hente elevar på Sande også, vert det ei ytterlegare reisetid utover 1,5 time per tur. For Kalvåg-elevane kan bussturen ta opp mot ein time i reell reisetid og elevar frå Førde i Ålfoten vil oppleve den same utfordringa i høve til lang skuleveg. Er dette til det beste for elevane våre?

I kommunestyret vart også draumen om Campus Bremanger lansert, ei vidaregåande linje for yrkesfag, noko som truleg er meir kostnadsdrivande enn ei økonomisk innsparing for kommunen. Sjølv om ei vidaregåande linje kunne vore eit godt tiltak, er det urovekkjande er at dette går framfor viktigheita av å ivareta dei største skulane våre.

Frå talarstolen i kommunestyret vart det  tala om viktigheita av rekruttering til bygdene og at den stadige strukturdebatten er særs øydeleggjande for omdømmebygging og rekruttering, bygdene treng derfor ro. Gløymer ein då at også dei større skulane ligg i bygder som treng positivt omdømme, vekst og rekruttering? Å halde på dagens struktur ville skapt ro i ALLE bygdene og skapt rekruttering for ALLE bygdene våre.

For ordens skuld skal det nemnast at underteikna sat i styringsgruppa som hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet, men det betyr ikkje at ein er samd i at oppvekstsektoren treng strukturendringar. Hovudtillitsvald kan peike på kva konsekvensar endringane kan få, så er det opp til politikarane å ta ei avgjersle.

Denne gongen vil eg påstå at fleirtalet valde feil. Vedtaket i kommunestyret fører no til at dei tre største skulane våre står i fare for å miste ungdomsskuletilbodet sitt, noko som kan få alvorlege konsekvensar både for skulen og for bygdene det gjeld. Ja, det vil framleis vere skule i alle bygder, men ein skal ikkje bagatellisere viktigheita av å ha ungdomsskulane der dei ligg i dag.

Eventuelle framtidige innsparingar ved ein felles ungdomsskule vil ikkje kunne vege opp for dei store konsekvensane dette kan få.