Stadig fleire stader i landet vårt får tilgang til den digitale motorvegen med fiberkabel som tilknyting til internett. Eller til verdsveven som Island nyttar som ei presis beskriving av nettet som snart knyt oss alle saman. Likevel er det slik at det kostar meir for folk som bur i tynt busette område å få tilgang til fiberkabel enn for dei som bur meir sentralt.

I Selje vil dei som ønskjer fiber, og som ikkje bur i sjølve sentrum, ut med ei ekstrautgift på fem tusen kroner for å knyte seg på den hurtige verdsveven, i tillegg til dei mange tusen det kostar for den vanlege tilknytingsavgifta. Det er folk i bygdene rundt Moldefjorden og på Rundereim som no får tilbod om fiber, om dei betalar den ekstra kostnaden.

Det verkar urimeleg at folk som bur utanfor sentrum skal straffast økonomisk berre fordi dei bur der dei bur. I tider då landet vårt var langt fattigare enn kva tilfelle er i dag, fekk folk både telefon og straum uavhengig av kvar dei budde, og det utan ekstra kostnader for den enkelte. Ei lyspære skein like godt om den vart kveikt på Silda, i Honningsvågen eller i Oslo eller Bergen.

Derfor bør vi i vår velstand sørge for at folk får tilgang til den digitale motorvegen til same kostnad uavhengig av kvar dei bur i landet. Det kan ikkje vere slik at vi skal dele landets innbyggjarar inn i grupper som viktige og mindre viktige etter bustadadresse. Det å ha tilgang til hurtig internett er ei nødvendigheit både for den enkelte og for bedrifter. Derfor bør staten gjennom gunstige ordningar for tilskot sørge for eit likeverdig tilbod til lik pris.

Vi kan ikkje, og vi bør ikkje, akseptere ein politikk som stadig armar ut distrikta i forhold til sentrale strok i verdas rikaste land.