Denne leiaren stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 21. juli.

Publikumstilstrøyminga aukar år for år

Alt som er stort begynner i det små, heiter det i ein songtekst. Også når festivaleventyret Malakoff skal fortelljast passar denne strofa. Det heile starta som ei elevbedrift ved Eid vidaregåande skule i 2003. Anne Joril Haugland saman med Rune og Ottar Schanke Eikum var dei tre eldsjelene bak festival og bedrift. Det fyrste året vart det solgt 650 billettar.

Sidan har publikumstilstrøyminga auka for kvart einaste år. Det heile har utvikla seg til eit eventyr som har plassert Nordfjordeid midt i sentrum av norsk og internasjonal musikk. Dei siste åra har titusentals besøkjande kome til vakre Nordfjordeid for å få med seg ein festival som Norsk Rockforbund fleire gonger har kåra til landets beste. I fjor var 22.000 menneske innom ein festival som i år ser ut til å slå tidlegare besøkstal.

For Eid kommune er Malakoff gull verdt omdømemessig. For lag, organisasjonar og næringsdrivande i bygda betyr festivalen auka aktivitet og auka inntekter. Noko som kjem godt med for det frivillige arbeidet.

Årets festival er den femtande i rekkja og totalt 30 norske og internasjonale artistar og band deltek frå torsdag til og med laurdag. Det vil vere musikk både for ein kvar smak og for nesten ein kvar alder. Også når det gjeld gjennomføring av landets beste rockefestival gjer ikkje ting seg sjølv. 800 frivillige må til for å gjennomføre ein prikkfri festival og halde på det gode ryktet Malakoff har både mellom publikum og artistar.

Som den festivalklare vennegjengen frå Selje gav uttrykk for i avisa sist fredag så treng ein ikkje spørje folk om dei skal på Malakoff; Alle er der. Vi ønskjer både arrangører, deltakarar og publikum ei rocka helg full av opplevingar og god musikk.